Hjem
Utdanning
Masteremne

Sosiologisk analyse

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSOS301
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målsetjinga med dette emnet er å utvikle studentane sine evner til kritisk lesing av sosiologiske studiar og å gi dei ei djupare forståing av samspelet mellom teori, empiri og analytiske nivå i sosiologisk analyse.

Ulike typar eksemplariske sosiologiske studiar vert gjort til gjenstand for intensiv gransking når det gjeld teoretisk og empirisk problematikk, analyseopplegg og vitskapleg argumentasjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Studenten kan på systematisk vis gjere greie for korleis empirisk forankra sosiologisk kunnskap vert skapt og korleis han vert presentert og grunngjeven i vitskaplege tekstar

Ferdigheiter

Studenten kan

  • peike ut og kritisk drøfte dei sentrale aspekta i samfunnsvitskaplege studiar, teori på ulike nivå, kunnskap frå feltet/forskingsfronten, metodiske grep og datatilfang frå faglitteraturen eller data samla inn av forskaren sjølv
  • leggje fram sin vurdering i ein skriftleg form (mellom anna i sjangrane «bokomtale» eller «review essay»)
  • vurdere kvalitet og gyldigheit i samfunnsvitskaplege tekstar ut frå korleis dei ulike elementa i den faglege argumentasjonen fungerer saman

Generell kompetanse

  • Studenten kan presentere munnleg og diskutere eigne og andres vurderingar av samfunnsvitskaplege studiar

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

2-4 timar per veke

7 - 11 veker

I alt 24-26 timer

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av essay (ca 3000 ord) som skal godkjennast av emneansvarlege.

Seminardeltaking gjennom munnlege og/eller skriftlege framleggingar (arten og omfanget av desse vil avhenge av seminarformen, og blir bestemt av emneansvarlege). Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret og det påfølgjande eksamenssemesteret.)

Vurderingsformer

7 dagars heimeeksamen med utgangspunkt i gitt oppgåve over ein monografi (ca 4000 ord).

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår og haust. Eksamen haust berre for kandidatar med gyldig obligatorisk arbeidskrav

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    23.09.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    30.09.2019, 12:00
    Trekkfrist
    09.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen