Sosiologisk analyse

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målsetjinga med dette emnet er å utvikle studentane sine evner til kritisk lesing av sosiologiske studiar og å gi dei ei djupare forståing av samspelet mellom teori, empiri og analytiske nivå i sosiologisk analyse.

Ulike typar eksemplariske sosiologiske studiar vert gjort til gjenstand for intensiv gransking når det gjeld teoretisk og empirisk problematikk, analyseopplegg og vitskapleg argumentasjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Studenten kan på systematisk vis gjere greie for korleis empirisk forankra sosiologisk kunnskap vert skapt og korleis han vert presentert og grunngjeven i vitskaplege tekstar.

Ferdigheiter

I møte med ei sosiologisk undersøking kan studenten identifisere og drøfte:

  • kva undersøkingseiningane som vert analyserte er tilfelle av (cases of).
  • korleis sentrale teoriar og omgrep vert introduserte, utvikla og brukte.
  • kva meining og vekt forskarposisjonar og verdivurderingar har for analysen
  • korleis ulike typar utvalgslogikk og komparasjon vert brukt (implisitt og eksplisitt) i analysen.
  • vurdere kvalitet og gyldigheit i samfunnsvitskaplege tekstar ut frå korleis dei ulike elementa i den faglege argumentasjonen fungerer saman.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Ingen 
Krav til studierett
Masterprogram i sosiologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar : 20 til 30 timer
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av en analyseoppgåve (2000 ord +/-10% ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) som skal godkjennast av emneansvarleg.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret og det påfølgjande eksamenssemesteret

Vurderingsformer

Analyse-essay om den sosiologiske argumentasjonen i en oppgitt monografi (4000 ord +/-10% ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg).

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.