Sosiologiske teoritradisjonar
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeSOS302
- Talet på semester1
- SpråkNorsk og engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Målet med emnet er å gje studentane innsikt i moderne sosiologisk teori og generell samfunnsteori. Emnet omfattar presentasjonar av ulike teoretiske perspektiv og teoretiske diskusjonar, og ein kritisk refleksjon over korleis desse ulike perspektiva kan kasta lys over aktuelle empiriske problemstillingar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har
- grundig innsikt i sentrale problemstillingar innanfor nyare sosiologiske teoridebattar.
- god greie på kva høve desse debattane står i til eldre sosiologiske teoritradisjonar
- brei oversikt over ulike sosiologiske perspektiv på samfunnet
- omfattande kunnskap om korleis dei ulike perspektiva vert brukt i empiriske studiar av samfunnet
Dugleikar
Studenten kan
- gjere sjølvstendige og kritiske vurderingar av sosiologiske teoritekstar og av korleis sosiologisk teori vert brukt i studiar av samfunnet
- skrive eigne tekstar der sosiologiske teoriar blir brukte i drøfting av samfunnsfaglege problemstillingar
Generell kompetanse
Studenten har
- eit solid grunnlag for å forstå vitskapleg argumentasjon, drøfta teoretiske problemstillingar, og gjera bruk av samfunnsteoriar og sosiologiske teoriar til å drøfta konkrete problemstillingar
- kompetanse til å skriva og formidla avanserte vitskaplege framstillingar og kritiske drøftingar av ulike teoretiske og empiriske problemstillingar
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosiologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga omfattar førelesningar og seminar. Det er lagt til rette for studentaktivitet ved at studentane diskuterer aktuelle spørsmål i mindre grupper.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal skrive ein tekst på omlag 2000 ord, som drøftar eit av seminarspørsmåla. Studenten skal ut frå denne teksten gje ein munnleg introduksjon til drøfting i plenum.
Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i to semester etter godkjenning.
Vurderingsformer
7 dagars heimeeksamen (4000 ord +/- 10 prosent)
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet)
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 13.02.2023, 09:00
- Innleveringsfrist
- 20.02.2023, 12:00
- Trekkfrist
- 30.01.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen