Hjem
Studentsider
Masteremne

Metode - statistisk analyse

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSOS303
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk og engelsk

  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Gjennom dette emnet skal studentane utvikle ferdigheiter i bruk av statistiske analyseteknikkar, med vekt på regresjonsanalyse, og evne til kritisk forståing av forsking og resultat av forsking basert på slike teknikkar.

Emnet vil dels bestå i gjennomgang av og opplæring i bruk av statistiske analyseteknikkar, og dels vere ein gjennomgang og drøfting av døme frå forsking der slike teknikkar er brukte.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har

  • avansert kunnskap om statistisk testteori, tabellanalyse, lineær regresjonsanalyse med vanlig minste kvadrats metode og logistisk regresjonsanalyse

Ferdigheiter

Studenten kan

  • arbeida sjølvstendig med kvantitative data på eit avansert nivå
  • gjennomføre alle stega i eit kvantitativt regresjonsbasert forskingsopplegg
  • diagnostisere regresjonsbaserte analyser og være i stand til å utforme og vurdere analyser slik at dei er i tråd med regresjonsanalysens føresetnader
  • nytte sosiologisk teori i praktisk utforming av problemstillingar og testbare hypotesar på ein sjølvstendig måte

Generell kompetanse

Studenten kan

  • tolke og forstå kvantitativ forskingslitteratur på eit avansert nivå
  • vurdere reliabiliteten til forskingsdata og analysar presentert i det offentlege ordskiftet

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarende

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosiologi.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tre oppgåver. Oppgåvene skal vere godkjent før ein kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

7 dagars heimeeksamen der det skal skrivast ei oppgåve på 3500 ord (+/- 10%).

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår og haust. Eksamen haust berre for kandidatar med gyldig obligatorisk arbeidskrav

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    30.09.2020, 09:00
    Innleveringsfrist
    07.10.2020, 12:00
    Trekkfrist
    16.09.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen