Metode - kvalitative tilnærmingar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal utvikle ei djupare forståing av og større dugleik i bruk av ulike kvalitative tilnærmingar i empirisk sosiologisk arbeid. Det vert lagt vekt på å utvikle forståing av heile forskingsprosessen frå problemstilling til analyse. Emnet skal også gje ei forståing av kva som er mogleg med omsyn til kombinasjon av ulike metodiske tilnærmingar.

Studentane vil arbeide med produksjon av ulike former for kvalitative data, til dømes gjennom arbeid med intervju og observasjon. Dei vil særleg arbeide med analyse av slike data. Dessutan vert det lagt vekt på grunngjevinga for og kva som er mogleg i ulike metodiske tilnærmingar. Dette vil bli drøfta med utgangspunkt i konkrete forskingsdøme og arbeidet til studentane under kurset.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter gjennomført emne har studenten

  • inngåande kunnskap om ulike tilnærmingar og metodar i kvalitativ forsking
  • inngåande kunnskap om argument for og føremonar til val av ulike kvalitative tilnærmingar og metodar ved ulike forskingsopplegg
  • inngåande kjennskap til kvalitativ forsking si historie og metodologiske grunnlag
  • inngåande kunnskap om etiske problemstillingar som kan vera knytt til kvalitativ forsking

Ferdigheter

Etter gjennomført emne kan studenten

  • drøfte sentrale problem og prinsipielle utfordringar og moglegheiter ved bruk av ulike kvalitative tilnærmingar og metodar
  • utforme og gjennomføre ei sjølvstendig kvalitativ studie under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer; frå utvikling av problemstilling(ar), produksjon av data, analyse av kvalitative data til formidling av forskinga
  • kombinere ulike kvalitative metodiske tilnærmingar

Generell kompetanse

Etter avslutta emne kan studenten

  • vurdere og anvende kvalitative metodar og tilnærmingar i forskings- og utviklingsarbeid i høve til ulike forskingsspørsmål og tema

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosiologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga omfattar førelesningar, seminar og rettleiing i grupper. Undervisninga er lagt opp rundt studentane sine arbeid i forskingsgrupper (dei blir delt inn i grupper med 4-6 studentar). Desse gruppene gjennomfører eit kvalitativt forskingsprosjekt frå problemformulering, val av kvalitative metodar, gjennomføring av til dømes intervju eller observasjon, til analyse og utarbeiding av rapport frå arbeidet. Forskingsgruppene presenterer sine arbeid munnleg i plenum, og i opplegget ligg og trening i å gje tilbakemelding til kvarandre. Studentane får underveis rettleiing frå undervisar. Det datamaterialet gruppa produserer, bruker studentane deretter til å utarbeide et individuelt metodeessay.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk gruppeinnlevering av 1) Tema og plan for datainnsamling og 2) Innsamla data

Obligatorisk deltaking på formidlingsseminar.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

Essay på 4000 ord (+/- 10% ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) 

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.