Hjem
Utdanning
Masteremne

Velferd, ulikskap og livsløp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

SOS320 er eit valemne som er knytt til eit av forskingsprofilområda til instituttet: velferd, ulikskap og livsløp. Målet med emnet er å utvikle kunnskap om sentrale tema, problemstillingar og forskingstradisjonar på dette området. Både klassiske og nyare teoriar, diskusjonar og forsking vert tatt opp. Det vert lagt vekt på å setje norske debattar inn i ein komparativ kontekst. Forskinga til dei tilsette ved instituttet vil ha ein sentral plass i undervisninga. Difor vert det fokusert på tema som fordeling og bruk av offentlege velferdsytingar/-tenester, møtet mellom brukar og system og mellom velferdsmottakarar og -ytarar, og ulikskap og fattigdom. Hovudfokus vil variere frå semester til semester. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gjere inngåande greie for utvalde temaer, problemstillingar og forskingstradisjonar innafor forskingsområdet velferd, ulikskap og livsløp

Ferdigheiter

Studenten kan

  • utforme, drøfte og analysere sosiologiske problemstillingar innafor forskingsområdet velferd, ulikskap og livsløp
  • skrive ein tekst ut frå fagleg etiske kriterium og korrekte kjeldetilvisingar

Generell kompetanse

Studenten har

  • forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapeleg tenkjemåte
  • forståing av kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir debattert 
  • generelle dugleikar i kritisk tenking og evne til å skilje mellom argument ut i frå kva for teoretiske perspektiv dei er grunna i.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og/eller seminar, individuell og/eller rettleiing i gruppe

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal skrive eit samandrag på om lag 1000 ord av ein pensum tekst. Studenten skal ut frå denne teksten gi en munnleg introduksjon til drøfting av teksten i plenum.

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i to semester etter godkjenning.

Vurderingsformer

Essay på 3000-4000 ord.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust og vår

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Essay

    Innleveringsfrist
    13.12.2019, 12:00
    Trekkfrist
    29.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen