Hjem
Studentsider
Masteremne

Migrasjon, integrasjon og mobilitet

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

SOS321 er eit valemne som er knytt til forskingsprofilområdet migrasjon, integrasjon og mobilitet. Målet med emnet er at studentane skal få kunnskap om nasjonale og internasjonale debattar førde med forankring i sosiologisk relevante perspektiv på dette området. Nyare forsking på området vert presentert, og ulike globaliseringsprosessar vert tematiserte. Hovudfokuset i undervisninga vil variere frå semester til semester.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gjere inngåande greie for utvalde temaer, problemstillingar og forskingstradisjonar innafor forskingsområdet migrasjon, integrasjon og mobilitet

Ferdigheiter

 Studenten kan  

  • utforme, drøfte og analysere sosiologiske problemstillingar innafor forskingsområdet migrasjon, integrasjon og mobilitet
  • skrive ein tekst ut frå fagleg etiske kriterium og korrekte kjeldetilvisingar

Generell kompetanse

Studenten har

  • forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapeleg tenkjemåte
  • forståing av kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir debattert 
  • generelle dugleikar i kritisk tenking og evne til å skilje mellom argument ut i frå kva for teoretiske perspektiv dei er grunna i.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosiologi.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og/eller seminar, individuell og/eller rettleiing i gruppe

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal skrive eit samandrag på om lag 1000 ord av ein pensum tekst. Studenten skal ut frå denne teksten gi en munnleg introduksjon til drøfting av teksten i plenum.

Godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i to semester etter godkjenning.

Vurderingsformer

Essay på 3000-4000 ord.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Essay

    Innleveringsfrist
    14.12.2020, 12:00
    Trekkfrist
    30.11.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen