Hjem
Utdanning
Masteremne

Prosjektutvikling

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeSOS340
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Å utvikle spesifikke kunnskapar og ferdigheiter for prosjektutvikling, knytt til prosjektdesign, litteratursøkning, informasjons- og kjeldesøking, og etiske problemstillingar, samt å gjennomføre forarbeid for eige masterprosjekt.

Ein arbeider med utvalde emne knytt til prosjektdesign, litteratursøkning, informasjons- og kjeldesøking og etiske problem. Arbeidet skjer gruppevis og individuelt med forarbeid til eige masterprosjekt og utforming av prosjektskildring. Kvar student får også ein eigen rettleiar i samband med utviklinga av prosjektopplegget og prosjektskildringa.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har

  • kunnskap om samfunnsvitskaplege prosjektdesign
  • kunnskap om val av teoretiske og metodiske tilnærmingar i eit prosjektdesign
  • kunnskap om kva forskingsetiske refleksjonar som bør gjerast i tilknyting til bestemte prosjektdesign
  • oversikt over NSDs datatilbod og personvern for forsking
  • omfattande kunnskap om kva krav som blir stilt til prosjektskisse, prosjektbeskriving og masteroppgåve i sosiologi

Ferdigheitar

Studenten kan

  • utforme problemstillingar for masteroppgåva
  • vurdere kva som er relevant faglitteratur
  • søke etter relevant litteratur og utforme referanse- og litteraturlistar
  • presentere forskingslitteraturen på eit avgrensa område
  • søke NSD om løyve til å utforme ei eiga studie
  • utvikle ei prosjektskisse og ein prosjektbeskriving for eit mastergradsprosjekt

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i sosiologi eller tilsvarande

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar og individuell rettleiing

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Prosjektskildring

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå ved instituttet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@sos.uib.no