Prosjektutvikling
- Studiepoeng5
- Undervisingssemester
- EmnekodeSOS340-L
- Talet på semester
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
5 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Mål:
Å utvikle spesifikke kunnskapar og ferdigheiter for prosjektutvikling, knytt til prosjektdesign, litteratursøkning, informasjons- og kjeldesøking, og etiske problemstillingar, samt å gjennomføre forarbeid for eige masterprosjekt.
Innhald:
Ein arbeider med utvalde emne knytt til prosjektdesign, litteratursøkning, informasjons- og kjeldesøking og etiske problem.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om samfunnsvitskaplege prosjektdesign
- har kunnskap om val av teoretiske og metodiske tilnærmingar i eit prosjektdesign
- har kunnskap om kva forskingsetiske refleksjonar som bør gjerast i tilknyting til bestemte prosjektdesign
- har oversikt over NSDs datatilbod og personvern for forsking
- har omfattande kunnskap om kva krav som blir stilt til prosjektskisse, prosjektbeskriving og masteroppgåve i sosiologi
Ferdigheiter
Studenten
- kan utforme problemstillingar for masteroppgåva
- kan vurdere kva som er relevant faglitteratur
- kan søke etter relevant litteratur og utforme referanse- og litteraturlistar
- kan presentere forskingslitteraturen på eit avgrensa område
- kan søke NSD om løyve til å utforme ei eiga studie
- kan utvikle ei prosjektskisse og ein prosjektbeskriving for eit mastergradprosjekt
Krav til forkunnskapar
KOPRA101, KOPRA102, KOPRA103, MET102, PEDA120, PEDA121, PEDA122, SAKDI101, SAKDI111, SOS101, SOS103-L, SOS105-L eller SOS113-L, SOS201
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlapper 5 studiepoeng med SOS340.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til Lektorutdanning med master i sosiologi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga omfattar førelesingar, seminar og individuell rettleiing. Arbeidsformane i undervisninga er lagt opp rundt studentanes arbeid med å utvikle eit masterprosjekt. Dette skjer gruppevis og individuelt og omfattar forarbeid til eige masterprosjekt og utforming av prosjektskildring. Kvar student får ein eigen rettleiar i samband med utviklinga av prosjektopplegget og prosjektskildringa i tillegg til undervisaren med ansvar for SOS340-L.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
Innlevering av prosjektskildring ved emneavslutning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.