Prosjektutvikling

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål: 

Å utvikle spesifikke kunnskapar og ferdigheiter for prosjektutvikling, knytt til prosjektdesign, litteratursøkning, informasjons- og kjeldesøking, og etiske problemstillingar, samt å gjennomføre forarbeid for eige masterprosjekt. 

Innhald: 

Ein arbeider med utvalde emne knytt til prosjektdesign, litteratursøkning, informasjons- og kjeldesøking og etiske problem. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:  

Kunnskap 

Studenten 

  • har kunnskap om samfunnsvitskaplege prosjektdesign 
  • har kunnskap om val av teoretiske og metodiske tilnærmingar i eit prosjektdesign 
  • har kunnskap om kva forskingsetiske refleksjonar som bør gjerast i tilknyting til bestemte prosjektdesign 
  • har oversikt over NSDs datatilbod og personvern for forsking 
  • har omfattande kunnskap om kva krav som blir stilt til prosjektskisse, prosjektbeskriving og masteroppgåve i sosiologi  

Ferdigheiter 

Studenten 

  • kan utforme problemstillingar for masteroppgåva 
  • kan vurdere kva som er relevant faglitteratur 
  • kan søke etter relevant litteratur og utforme referanse- og litteraturlistar 
  • kan presentere forskingslitteraturen på eit avgrensa område 
  • kan søke NSD om løyve til å utforme ei eiga studie 
  • kan utvikle ei prosjektskisse og ein prosjektbeskriving for eit mastergradprosjekt 

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Emnet overlapper 5 studiepoeng med SOS340
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til Lektorutdanning med master i sosiologi
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga omfattar førelesingar, seminar og individuell rettleiing. Arbeidsformane i undervisninga er lagt opp rundt studentanes arbeid med å utvikle eit masterprosjekt. Dette skjer gruppevis og individuelt og omfattar  forarbeid til eige masterprosjekt og utforming av prosjektskildring. Kvar student får ein eigen rettleiar i samband med utviklinga av prosjektopplegget og prosjektskildringa i tillegg til undervisaren med ansvar for SOS340-L
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Innlevering av prosjektskildring ved emneavslutning.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedtatt evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi. 
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.