Velferdsstaten og det fleirkulturelle Noreg

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Sosiologi er vitskapen om samfunnet i vid forstand. Korleis institusjonar og sosiale strukturer skaper moglegheiter og avgrensingar for individ og samfunnsgrupper er et sentralt tema i sosiologien.

Målet med kurset «Velferdsstaten og det fleirkulturelle Noreg» er å gje innsikt i korleis flyktningar, migrantar og andre personer med ein annen etnisk og/eller nasjonal bakgrunn møter den norske velferdsstatens institusjonar og kva for utfordringar og dilemma dette skaper for både offentlig tilsette og for personene sjølv.

Kurset vil formidle grunnleggande sosiologiske innsikter i korleis sosial ulikhet skapas og reproduserast når ulike samfunnsgrupper møter velferdsstatens tenester, kva for betydning klasse, kjønn, utdanning, etnisitet og/eller nasjonal bakgrunn kan ha for innvandrarens tilgang og tillit til velferdsstatens tenester og institusjonar.

Studiet er praksisnært ved at studentanes refleksjonar rundt egen yrkesutøvelse og egne erfaringar i møte med flyktningar og innvandrar brukas aktivt som ressurs i undervisninga.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Har kunnskap om sentrale aspekt ved sosiologiens tilnærming til velferdsstat, institusjonar, makt og autoritet, kjønn, familie og omsorg, sosial ulikhet, migrasjon, innvandring og integrering i dagens Norge
  • Har kunnskap om korleis sosiologisk forståing for kulturelt og sosialt mangfald er av betydning for samfunnsprosesser knytt til innvandring, integrering og vellykka tenesteyting

Ferdigheiter

  • Kan bruke sosiologisk kunnskap om sosial ulikhet til sjølvstendig refleksjon over ulike utfordringar og dilemma i den norske velferdsstaten
  • Kan trekke på egne erfaringar frå arbeidslivet og knytte desse til kursinnhaldet
  • Kan reflektere over samanhengen mellom egen yrkesutøving og sosiologisk forståing for sosial inklusjon/eksklusjon
  • Kan bruke sosiologisk kunnskap om sosial ulikhet til å styrke kommunikasjons- og samhandlingsprosesser i møte med fleirkulturelle brukere

Generell kompetanse

  • Har økt forståing for samspelet mellom individ og velferdsstat i et fleirkulturelt perspektiv
  • Har økt forståing for korleis sosiologiske perspektiv på sosial ulikhet kan brukas som eit verktøy for refleksjon, samhandling, og kommunikasjon i det fleirkulturelle Norge

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, høgare nivå

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Fullført universitets- eller høgskuleutdanning på bachelornivå eller tilsvarande. Det er òg krav om minst to års relevant arbeidserfaring.
Arbeids- og undervisningsformer
Nettbasert undervisning og rettleiing, samt tre helgesamlingar gjennom semesteret. Den nettbaserte undervisninga er basert på diskusjonsforum og digitale undervisningsressursar. Studentane må pårekna tid til sjølvstudium av pensumlitteraturen. Helgesamlingane er ikkje obligatoriske, men studentane vil bli oppfordra til å delta i størst mulig grad. Helgesamlingane består av førelesningar og ulike former for gruppeoppgåver og gruppeaktiviteter. Det blir lagt stor vekt på at studentane bruker sine egne erfaringar frå arbeidslivet som del av felles undervisnings- og læringsprosesser.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten vil bli bede om å levere ein kort tekst (700 ord, +/- 10%) ved semesterstart, der dei gjer greie for problemstillingar dei møter i sin arbeidskvardag. Denne teksten vil bli nytta for å tilretteleggja undervisninga.

Studenten skal levere eit obligatorisk essay (1500 ord +/- 10%) midtveges i semesteret. Oppgåveteksten er formulert som ei refleksjonsoppgåve, og studenten skal trekkja på eigne erfaringar frå arbeidslivet og knyta dette til emneinnhaldet.

Studenten vil få skrifteleg tilbakemelding samt godkjent/ikkje godkjent på det obligatoriske essayet. Godkjent obligatorisk essay gjev grunnlag for å gå opp til eksamen.

Vurderingsformer
Innlevering av avsluttande oppgåve (3000 ord +/- 10%) med innleveringsfrist 1. desember. Oppgåveteksten blir gjort kjent i starten av semesteret, og studenten har rett på éi rettleiing i arbeidet med den avsluttande oppgåva. Oppgåveteksten er formulert som ei refleksjonsoppgåve, og studenten skal trekkje på sine eigne erfaringar i arbeidslivet og knytte dette opp til kursinnhaldet.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Same som undervisningssemester
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.