Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fagdidaktikk i spansk i lektorutdanninga 1

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeSPANDI101
  • Talet på semester1
  • SpråkSpansk og norsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust. Femte semester for studentar som tek spansk som fag II.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som målsetjing å gje studentane ei grunnleggjande innføring i fagfeltet spanskdidaktikk innan desse tre hovudområda:

- Spanskfaget si legitimering og eigenart

- Språklæring

- Språk, tekst og kommunikasjon

Læringsutbyte

Studentane skal:

- ha innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget

- ha kunnskap om spanskfaget si utvikling som skolefag

- kunna bruka kunnskapane dei har skaffa seg i studiet av dei andre spanskfaglege disiplinane i høve til fagdidaktiske spørsmål knytte til sentrale teoriar om språk, tekst, kommunikasjon og språklæring

- kunna uttrykkja seg munnleg og skriftleg på spansk innan fagfeltet.

Krav til forkunnskapar

Minimum 15 studiepoeng i spansk.

Tilrådde forkunnskapar

30 studiepoeng i spanskfaglege emne.

Krav til studierett

Opptak til lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet, UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar: 14 timar (2 timar/veke i 7 veker)
Seminar: 2 timar (med obligatorisk framlegging)

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å få gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei analyserer eit språkfagleg spørsmål i lys av fagdidaktisk teori.

I tillegg må studentane ha gjennomført skolebesøk (om lag 3 dagar) med for- og etterarbeid. Skolebesøket er knytt til fagdidaktikk og pedagogikk. 

Vurderingsformer

Eksamensforma er ein heimeeksamen (7 dagar) med oppgjeve emne, ca 2500 ord. Halvparten av heimeeksamen skal skrivast på norsk, den andre på spansk. Nærare informasjon blir gitt i studiet. 

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum utgjer om lag 350 sider av normal vanskegrad. Institutt for framandspråk gjev forslag om spesifisert pensumliste i emnet.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon