Fagdidaktikk i spansk for lektorutdanninga 3

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane ei vidare innføring i fagfeltet spansk fagdidaktikk innanfor to hovudområde:

  • Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning
  • Tilretteleggjing for læring

Studiet skal vidareutvikle den fagdidaktiske kunnskapen studenten har frå 100-nivå og saman med djupare fagkunnskap, pedagogikk og praksis leggje grunnlag for reflektert undervising i spanskfaget i skolen. Emnet skal medverka til at studentane utviklar ein faglæraridentitet der dei tar heile sin faglege basiskompetanse i språk, kultur og litteratur i bruk som ressurs i undervisinga.

Læringsutbyte

Etter å ha studert emnet skal studentane:

  • ha innsikt i teoriar om språk og kommunikasjon og kunne sjå desse i eit kulturperspektiv
  • ha innsikt i spansk som danningsfag og dugleiksfag
  • kunne lage undervisingsopplegg der arbeidsformer, arbeidsmateriale og innhald er knytte til grunnleggjande fagforståing og innsikt i læringsprosessar i spanskfaget
  • kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på spansk innan fagfeltet

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

7. semester i lektorutdanning for studentar som tek faget som fag II.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
PEDA111 samt minimum 55 studiepoeng i spansk på 100-nivåinkludert 5 studiepoeng spansk fagdidaktikk.
Studiepoengsreduksjon
Ikkje nokon studiepoengreduksjon.
Krav til studierett
Emnet er berre ope for studentar som er tekne opp til lektorutdanning ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesing: Totalt 12 timar fordelt på seks veker.

Seminar: 2 timar

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervising. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september/1. februar, sidan emnet har midtsemestereksamen i vårsemesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer eit undervisningsopplegg og drøftar det i lys av fagdidaktisk teori. Den munnlege framføringa vil føregå digitalt på Zoom.

80% av undervisninga er obligatorisk. Undervisninga føreset aktiv deltaking og god førebuing.

Vurderingsformer
Vurdering skjer på grunnlag av ein munnleg eksamen sett saman av ein førebudd presentasjonsdel og ein samtaledel. Studenten får 10 minutt av totalt 30 minutt til presentasjonen. Munnleg eksamen vert halden på spansk.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum utgjer om lag 350 sider. Vanskegrada er tilpassa nivået på emnet
Emneevaluering
Undervisinga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programrådet for lektorutdanninga har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.