Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Fagdidaktikk i spansk for lektorutdanninga 2

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vårsemesteret, 6. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar som tar faget som fag I. Emnet går første gong våren 2022

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studentane ei vidare innføring i fagfeltet spansk fagdidaktikk innanfor to hovudområde:

- Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning

- Tekstforståing og læringsprosessar

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal kandidaten

- ha innsikt i spansk som dannings- og dugleiksfag

- ha kunnskap om sentrale fagdidaktiske omgrep

- ha innsikt i teoriar om språk og kommunikasjon

- kunne bruke dei tileigna omgrepa i analyse av læringsprosessar i spanskfaget

- kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på spansk innan fagfeltet

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav

Tilrådde forkunnskapar

Minimum 55 studiepoeng i spansk på 100-nivå inkludert 5 studiepoeng spansk fagdidaktikk.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for SPANDI201 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med SPANDI201H.

Krav til studierett

Studentar på lektorutdanninga ved Det humanistiske fakultet med spansk som fag I

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar og rettleiing.

Det blir normalt gitt 2 timar per veke i 8 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk med oppmøte på 80 % av undervisinga. Undervisinga føreset aktiv deltaking og god førebuing.

For å kunne gå opp til eksamen må studentane munnleg og skriftleg ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer eit undervisingsopplegg som drøftast i lys av fagdidaktisk teori.

Teksten skal skrivast på spansk og ha eit omfang på om lag 1000 ord, ikkje medrekna litteraturliste, plan for undervisingsopplegget, eventuelle digitale filer og andre vedlegg.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer på grunnlag av ein munnleg eksamen på spansk med utgangspunkt i diskusjonar kring det obligatoriske arbeidskravet og pensumlitteraturen. Nærare retningsliner for oppgåvene vert gitt i studiet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 350 sider. I litteraturlista ligg det opplysningar om kva tekstar som til ei kvar tid er pensum.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programrådet for lektorutdanninga har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for spansk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon