Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Spansk 1a: Språklæring, spansk språk og kommunikasjon

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

Ein skal gjennomføra emnet på eitt semester, og det svarar til eit halvt semesters fulltidsstudium.

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

 Nettbasert undervisning

Mål og innhald

Mål: Emnet har som mål å vidareutvikle studenten sine kunnskapar om og dugleik i spanskfaget.

Gjennom studiet skal studenten utvikla forståing for sentrale språklege og språkdidaktiske problemstillingar i ein kulturell kontekst. Emnet vil fokusera på korleis kompetansemåla for 2. framandspråk praktisk kan verta gjennomførte i undervisninga, og ein legg særskilt vekt på utvikling av munnleg og digital dugleik. Studenten skal ha eit medvite tilhøve til eiga og til elevane si språklæring og innsikt i skilnader og samsvar mellom spansk og norsk. Studenten skal kunna leggja til rette for framandspråkopplæring som fremjar utforsking, nyfikne og kreativitet i eit fagovergripande perspektiv.

Innhald:

Studiet tek opp tema innan:

- Spansk språk og kultur

- Kommunikasjon

- Språkutvikling

- Bruk av IKT i undervisninga

. Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisninga/språkopplæringa

-kurset legg særskilt vekt på utvikling av munnleg og digital dugleik

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten skal

- ha kunnskap om spansk språk med vekt på skilnader mellom spansk og norsk

- ha kunnskap om sentrale tema innan spanskspråkleg kultur (medrekna daglegliv, tradisjonar, skikkar, verdiar og kulturelle uttrykk i målspråkområdet)

- innsikt i sentrale styringsdokumentar for spanskfaget

- innsikt i spansk som dannings- og dugleiksfag (med særleg vekt på munnleg kompetanse)

- innsikt i teoriar om framandspråklæring og kunnskap om sentrale fagdidaktiske omgrep

- ha kunnskap om ulike læringsressursar for målgruppa i eit kjeldekritisk perspektiv

Dugleik

Studenten kan

- kommunisera med god uttale og intonasjon og bruka varierte språkstrukturar i munnleg og skriftleg kommunikasjon

- kan ta i bruk spansk som undervisningsspråk

- bruka tileigna teoretisk kunnskap for å planleggja og gjennomføra undervisning i tråd med kompetansemåla i faget sin læreplan

-leggja til rette for ulike arbeidsmåtar som fremjar utforsking, nyfikne og kreativitet i framandspråkopplæringa i eit fagovergripande perspektiv

- pedagogisk bruk av digitale verkty i undervisninga

- bruka vurdering som fremjar læring for å rettleia elevane i utvikling av dugleik på målspråket

Generell dugleik

Studenten kan

- vidareutvikla eigen språkleg og interkulturell kompetanse, eigen praksis og bidra aktivt i arbeidet med innovasjonsprosessar i skolen

- vurdera eigen praksis og samhandla med andre i profesjonsgjennomføringa

Krav til forkunnskapar

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanninga. Dei må dessutan vere tilsette i skolen i studieperioden.  

Studenten lyt kunna spansk som svarar til spansk 2 frå vgs eller nivå A2 (Det felles europeiske rammeverket for språk)

Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkjar er tilsett i skolen, men ein må ha godkjend pedagogisk utdanning i tillegg til dei andre krava.

Tilrådde forkunnskapar

Sjå Krav til forkunnskaper

Studiepoengsreduksjon

SLAN613: 5 stp

SPLA101: 5 stp

DIDASPA1: 5stp

SPANDI101: 5 stp

FRAMDI640: 5 stp

Krav til studierett

 Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet er nettbasert, og undervisning og kommunikasjon går føre seg på studiet si læringsplattform. Undervisninga går over tolv veker (fire modular à tre veker) og går føre seg på emnet si læringsplattform. Arbeidsmåtar i emnet er førelesingar, nettmøte, gruppearbeid, prosjekt, obligatoriske arbeidskrav og sjølvstudium.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å vera til stades på minst 80 % av organiserte, nettbaserte undervisningsaktivitetar (førelesingar, grupper og prosjektarbeid).

Det er tre ( språklæring, munnleg oppgåve, undervisningsopplegg) obligatoriske innleveringsoppgåver på emnet, og desse må vere godkjende innan to veker før endeleg vurdering.

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Mappeinnlevering på slutten av semesteret. 2 av dei obligatoriske innleveringane gjennom kurset utgjer mappa. Studentane vel sjølv kva for innleveringar som skal vere med i mappa.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle

Karakterskala

 A-F

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Tilsvarande om lag 500 siders pensum, inkludert film, video, innspelt undervisning, og anna audiovisuelt materiale. Litteraturlista vil vera klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

 Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Programstyret i spansk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Fagmiljøet i nettspansk

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.

Institutt

 Institutt for framandspråk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: evu@if.uib.no

Eksamensinformasjon