Spansk 1b: Spansk språk, kultur og samfunn

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Gjennom studiet skal studenten utvikla forståing for sentrale drag ved kulturen i den spansktalande verda gjennom litteratur, film, historie og aktuelle samfunnsspørsmål.

Emnet vil fokusera på korleis kulturelle uttrykk kan verta integrerte allereie frå innføringsnivå i spanskundervisninga i skolen.

Studenten skal kunna leggja til rette for språkopplæring som fremjar utforsking, nyfikne og kreativitet i eit fagovergripande perspektiv.

Eit mål for dette emnet er òg å skapa interesse og glede for spansk språk og kultur i eit livslangt perspektiv, og at dette vert spegla av i studenten si profesjonsgjennomføring.

Innhald:

Studiet tek opp tema innan:

. Spansk språk

. Kultur og samfunn i den spansktalande verda

. Litteratur og film i den spansktalande verda

. Bruk av IKT i undervisninga

. Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisninga

.kurset legg særskilt vekt på utvikling av munnleg og digital dugleik.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleik og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten skal:

- ha kunnskap om den spanskspråklege verda, med fokus på interkulturell kompetanse.

- ha kunnskap om litteratur og andre autentiske tekstuttrykk i ulike sjangrar og medium på målspråket.

- ha kunnskap om ulike læringsressursar for målgruppene i eit kjeldekritisk perspektiv

- ha innsikt i spansk som dannings- og dugleiksfag (med særleg vekt på munnleg kompetanse).

- ha innsikt i teoriar om framandspråklæring og metakognisjon.

- ha kunnskap om sentrale fagdidaktiske omgrep.

- ha kunnskap om eiga språkutvikling og om eigen kulturell identitet.

Dugleik

Studenten kan:

- kommunisera på spansk om ulike emne og tema knytt til kultur, og bruke varierte språkstrukturar i munnleg og skriftleg kommunikasjon

- ta i bruk spansk som undervisningsspråk og integrere kulturelle uttrykk i undervisninga

- bruka tileigna kunnskap om kultur, samfunn og litteratur for å planleggja og gjennomføra undervisning i tråd med kompetansemåla i læreplanen i faget

- leggja til rette for ulike arbeidsmåtar som fremjar utforsking, nyfikne og kreativitet i framandspråklæringa i eit fagovergripande perspektiv

- reflektera rundt språkundervisninga frå eit metakognitivt perspektiv

Generell kompetanse

Studenten kan:

- ta i bruk digitale verkty i undervisninga

- bruka vurdering som fremjar læring for å rettleia elevane i utvikling av dugleik på målspråket

- reflektera over og vidareutvikla eigen språkleg og interkulturell kompetanse, eigen praksis og bidra aktivt i arbeidet med innovasjonsprosessar i skolen

- vurdera eigen praksis og samhandla med andre i profesjonsgjennomføringa

- basera sin praksis på jamleg fagleg oppdatering innan kulturfeltet

Fulltid/deltid

Ein skal gjennomføra emnet på eitt semester, og det svarar til eit halvt semesters fulltidsstudium.

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Nettbasert undervisning
Krav til forkunnskapar

Studentane skal vere lærarar med pedagogisk bakgrunn i samsvar med krava i rammeplanane for lærarutdanninga. Dei må dessutan vere tilsette i skolen i studieperioden.

Studenten lyt kunna spansk som svarar til spansk 2 frå Vgs eller nivå A2 (Det felles europeiske rammeverket for språk).

Emnet byggjer på SPANSK621: Spansk 1 språkopplæring, språk og kommunikasjon (Kompetanse for kvalitet).

Ved eventuelt suppleringsopptak er det ikkje krav om at søkjar er tilsett i skolen, men ein må ha godkjend pedagogisk utdanning i tillegg til dei andre krava.

Tilrådde forkunnskapar
Sjå Krav til forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon

SLAN613: 5 stp

SPLA101: 5 stp

DIDASPA1: 5 stp

SPANDI101:5 stp

FRAMDI640: 5 stp

Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som har fått opptak gjennom UiB Videre
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet er nettbasert, og undervisning og kommunikasjon går føre seg på studiet si læringsplattform. Undervisninga går over tolv veker (fire modular à tre veker), og arbeidsmåtar i emnet er førelesingar, nettmøte, gruppearbeid, prosjekt, obligatoriske arbeidskrav og sjølvstudium.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å vere til stades på minst 80 % av organiserte, nettbaserte undervisningsaktivitetar (førelesingar, grupper og prosjektarbeid).

Det er tre obligatoriske arbeidskrav (kulturlæring, munnleg oppgåve, undervisningsopplegg) på emnet, og desse må vere godkjente innan to veker før endeleg vurdering.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og i det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
Inntil 20 min. munnleg vurdering i emnet sitt innhald på læringsplattforma
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste

Tilsvarande om lag 500 siders pensum, inkludert film, video, innspelt undervisning, og anna audiovisuelt materiale.

Litteraturlista vil vera klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalifikasjonssystem
Hjelpemiddel til eksamen
-
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Fagmiljøet i nettspansk
Administrativt ansvarleg
Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet.
Institutt
Institutt for framandspråk