Innføring i spesialpedagogikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målsetjinga for emnet er å gje ei brei innføring i det spesialpedagogiske fagfeltet og gje studentane kunnskap om og forståing for spesialpedagogikken sitt virkeområde.

Det blir fokusert på å gje studentane innsikt i spesialpedagogikken si forankring i samfunnet og korleis dette har endra seg i eit historisk perspektiv. Emnet skal vidare gje studentane kunnskap om ulike tilstandar som gir læringsutfordringar. Med utgangspunkt i barnehagen og grunnopplæringa sitt mandat vil det og verta fokusert på å gje studentane innsikt i sentrale omgrep som normalisering, førebygging, tidleg innsats, inkludering og tilpassa opplæring, både på individ og systemnivå. Studentane vil også få innsikt i lovverk og sentrale styringsdokument med relevans for det spesialpedagogiske fagfeltet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • har kunnskap om barn og unge med særskilde opplæringsbehov, og korleis samfunnet historisk sett har tilnærma seg desse gruppene.
  • har kjennskap til sentrale lovverk og relevante styringsdokumenter for barn og unge med særskilde opplæringsbehov.
  • har kunnskap om ulike former for lærevanskar.
  • har kunnskap om kva som utløyser retten til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning
  • har kjennskap til ulike former for tilrettelegging av læringsaktivitetar for barn og unge med ulike læreføresetnader.

Ferdigheiter

Studenten ..

  • kan identifisere etiske problemstillingar knytt til sentrale omgrep innanfor tilpassa opplæring og spesialundervisning
  • kan gjennomføre litteratursøk og sette seg inn i faglitteratur med relevans for det spesialpedagogiske fagfeltet
  • kan gjere greie for omgrepa spesialpedagogikk, spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning
  • Kan gjere greie for fagfelta si historiske utvikling og eigenart

Generell kompetanse

Studenten ..

  • kan kritisk reflektere over faglege, danningsteoretiske og utdanningspolitiske spørsmål med relevans for det spesialpedagogiske fagfeltet.
  • kan formidle og kommunisere spesialpedagogiske problemstillingar på ein fagleg måte.

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Opptak på bachelor i spesialpedagogikk
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking i innføringsveka er obligatorisk
  • Deltaking på seminargruppe er obligatorisk.
  • Oppmøte på seminarane og deltaking i innføringsveka må vere godkjent før studentar kan ta eksamen i emnet.

    Vurderingsformer
    Heimeeksamen over 5 dagar, 2500 ord +/- 10 %.
    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Haust og vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Programansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Emneansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet