Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Språkutvikling

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med kurset er at studentane skal utvikle ein solid kunnskapsbase for å forstå normal språktileigning. Kurset vil også gje studentane ein teoretisk bakgrunn for å kunne beskrive språk.

Kurset vil gje ein introduksjon til sentrale omgrep i anatomi og fysiologi, lingvistikk og fonetikk som er relevante for utvikling av språk og tale, og for språk- og talevanskar.

Etter avslutta kurs vil studentane ha grunnleggjande kunnskap innan lingvistikk og fonetikk. Vidare vil dei vere i stand til å nytte denne kunnskapen til å forstå og analysere menneskeleg kommunikasjon. Studentane vil også få ei grunnleggjande innsikt i ein- og fleirspråkleg språkutvikling

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ...

  • -Har grunnleggjande kunnskapar om lingvistikk og fonetikk. Dette inkluderer alle språklege nivå: fonetikk, leksikon, semantikk, syntaks og pragmatikk.
  • Har grunnleggjande kunnskapar om språkutvikling på ulike lingvistiske nivå: frå lydar til ord til kombinasjonar av ord til diskurs.
  • Har grunnleggjande kunnskapar om (normal) variasjon i språkutvikling, og innsikt i korleis ein skil normal(t) og avvikande språk og tale.
  • Har grunnleggjande kunnskapar i fleirspråkleg språkutvikling.
  • Har grunnleggjande kunnskapar om anatomi og fysiologi i øre, nase, hals og respirasjonssystemet, (dvs alle elementa i fonasjon og artikulasjon, så vel som kunnskapar om dei mest kjente vanskane som kan påverke funksjonen til artikulasjonsapparatet.
  • Kan beskrive og forklare normal hørsel og normal taleproduksjon.
  • Kan forklare dei viktigaste måtane språkutvikling i ein flerspråkleg kontekst skil seg frå utviklinga i et hovudsakleg einspråkleg miljø.
  •  

Ferdigheiter

Studenten ...

  • Kan bruke deskriptive og analytiske verktøy for kartlegging av språk og tale.
  • Kan transkribere språklyder med bruk av det internasjonale fonetiske alfabetet (IPA).
  • Kan anlysere spontan tale og uviklingsendring i taleferdigheiter.
  • Kan anlysere konversasjonsferdigheiter, pragmatikk og turtaking i et utviklingsperspektiv.
  • Kan finne fram til og bruke forskningslitteratur til fagleg fordjupingsarbeid.

Generell kompetanse

Studenten ...

  • Skal kunne gjere greie for, analysere og kritisk drøfte sentrale teoriar innan språkutvikling.
  • Skal forstå korleis kunnskap om fonetikk, lingvistikk og språkutvikling bidrar til praktisk spesialpedagogisk arbeid.
  • Kan bidra konstruktivt i gruppearbeid.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på bachelorprogrammet i spesialpedagogikk

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Dei mest sentrale tema vert dekkja gjennom temaførelesingar (12x2 timar).

Deler av lingvistikk- og fonetikkemna vil bli lagt til seminargrupper (8x1,5 timar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking i seminargruppe
  • Munnleg presentasjon av eit sjølvalt fordjupingstema i seminargruppe (om lag 30 min)
  • 2 obligatoriske innleveringer, begge på rundt 1000 ord, som blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent.

Alle dei obligatoriske undervisningsaktivitetane må vere godkjende før studentane kan fremstille seg til vurdering i emnet.

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen der kandidaten svarar på to av tre oppgåver.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen-heime

    Dato
    23.09.2021, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    09.09.2021
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen