Lese- og skrivevanskar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet vil gje studentane kunnskap om og forståing for det språklige og kognitive grunnlaget for lesing og skriving. Vidare vil emnet gje studentane kunnskap om den generelle lese- og skriveutviklinga, kva som kjenneteiknar ulike former for lese- og skrivevanskar, kva for sekundærvanskar som ofte opptrer saman med desse vanskane og korleis ein kan arbeide med førebygging/iverksetjing av tiltak både på system og individnivå i barnehage og skule. Emnet har eit særleg fokus på lese- og skrivevanskar og opplæringsbehov hjå barn og unge.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten..

  • har kunnskap om tidleg språkleg og skriftspråkleg utvikling og samanhengen mellom desse
  • har kunnskap om korleis den normale lese- og skriveutviklinga føregår
  • har kunnskap om ulike former for lese- og skrivevanskar, kva som kjenneteiknar desse og kva for sekundærvanskar som ofte opptrer saman med kan oppstå som eit resultat av slike vanskar
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar eit godt skriftspråkstimulerande miljø i barnehagen og ein god lese- og skriveopplæring i skulen

Ferdigheiter

Studenten..

  • Kan gjere greie for utviklingstrekk som tilseier at barn i barnehagealder har auka risiko for å utvikle lese- og skrivevanskar i skulen
  • kan gjere greie for utviklingstrekk i skulealder som tilseier at barn og unge bør utgreiast for lese- og skrivevanskar
  • kan på bakgrunn av aktuelle utviklingstrekk føreslå moglege tiltak for barn og unge med auka risiko i barnehagealder og elevar med lese- og skrivevanskar i skulen

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan kritisk reflektere over faglege, etiske og utdanningspolitiske spørsmål knytt til barn og unge med/i risiko for å utvikle lese- og skrivevanskar både på system- og individnivå
  • kan formidle og kommunisere spesialpedagogiske problemstillingar knytt til barn med risiko for å utvikle lese- og skrivevanskar på eit fagleg nivå

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til studierett
Opptak på bachelor i pedagogikk eller i spesialpedagogikk
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert som førelesingar og i grupper. Gruppeundervisninga legg vekt på studentaktive arbeidsmåtar og det vert rekna med at studentane møter førebudd.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i obligatoriske seminar i løpet av semesteret. Fravær på 1 av 5 samlingar blir godtatt.

Obligatoriske krav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.

Vurderingsformer
4 timars digital skuleeksamen
Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet