Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterArray
  • EmnekodeSPED250
  • Talet på semester
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust (kun hausten 2018, for kull 2016)

Vår (første gang våren 2020, for kull 2017)

Mål og innhald

Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal studentane utvikle ein vitskapleg tenkje- og arbeidsmåte. Dei skal lære kva slags krav som vert stilt til eit vitskapleg, skrifteleg arbeid og kva som kan vere ein føremålstenlege arbeidsmåtar. Det vert lagt vekt på at studentane skal lære å samarbeide. Av den grunn skal bacheloroppgåva som hovudregel gjennomførast i grupper på to eller tre studentar.

Gjennom innsamling og drøfting av relevant empirisk og/eller teoretisk materiale skal studentane lære å utvikle og arbeide med ei problemstilling med relevans for det spesialpedagogiske fagområdet. Oppgåva kan vere reint teoretisk, eller den kan vere ei mindre empirisk undersøking.

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

  • har kunnskap om dei ulike fasane som inngår i eit forskingsprosjekt
  • har kunnskap om gjeldande krav til eit vitskapleg arbied
  • har kunnskap i eit valt fordjupingsområde innanfor det spesialpedagogiske fagområdet.

Ferdigheiter

Studenten ..

  • kan planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt med relevans for det spesialpedagogiske fagområdet
  • kan stille forskingsspørsmål som lar seg svare på med vitskaplege metodar
  • kan tileigne seg relevant forskingsinformasjon (mellom anna gjennom datasøk)
  • kan utvikle og nytte eigna forskingsinstrument (til dømes intervjuguidar og spørjeskjema)
  • kan demonstrere ferdigheiter i korrekt oppbygging av eit vitskapleg arbeid i tråd med APA-standarden (til dømes korrekt bruk av kjelder og korrekt presentasjon av referansar).-kan analysere data og/eller presentere og drøfte teori
  • kan formidle teori, resultat og vitskaplege resonnement skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Studenten ..

  • kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid
  • kan kommunisere klart og tydleg om faglege spørsmål
  • kan reflektere om etiske forhold i høve til bruk og tolking av eigne data, kjelder og sitering
  • kan identifisere og handtere forskingsetiske spørsmål
  • kan reflektere kritisk om faglege problemstillingar

Krav til forkunnskapar

SPED100, SPED102, PED112, PSYK114, PSYK207, PSYK202, SPED211, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

SPED100, PSYK114, PED112, SPED101, SPED102, og SPED211, eller tilsvarande.

Krav til studierett

Opptak på bachelor i spesialpedagogikk

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet er bygd både på individuell rettleiing og /eller rettleiing i grupper. Rettleiinga vil skje ved personleg kontakt.

Som hovudregel skal bacheloroppgåva skrivast i grupper på to eller tre studentar avhengig av tilgjengelige prosjekter og rettleiarstab i fagmiljøa ved fakultetet. På det obligatoriske orienteringsmøtet vil studentane bli presentert for moglege prosjekt, og ein vil arbeide for at desse blir fordelt på studentane i tråd med studentane sine prioriterte ønskjer. Dersom studentane ikkje ønskjer å skrive innanfor dei tilbode prosjekta, må dei sjølve ta ansvar for å finne eit prosjekt og ein rettleiar ved fakultetet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på orienteringsmøte i starten av semesteret.

Skriftleg rettleiarkontrakt skal inngåast mellom student og ein vitskapleg tilsett ved Det psykologiske fakultet innan 30. januar (vårsemesteret) eller 15. september (haustsemesteret). Rettleiing på bacheloroppgåva er obligatorisk og tema for oppgåva skal godkjennast av emneansvarlig.

Kurset i APA-standarden.

Ein munnleg presentasjon av bacheloroppgåva og deltaking på begge presentasjonsdagane. Emneansvarleg for SPED250 deltar på den munnlege presentasjonen av bacheloroppgåva og er ansvarleg for godkjenning av presentasjonen.

Alle forfattarane på eit arbeid skal underteikna ein felles erklæring om korleis ein har bidrege inn i bacheloroppgåva før innlevering. Erklæringa skal leggjast som vedlegg til bacheloroppgåva.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 7 000 ord, +/- 10 %, referansar og appendiks kjem i tillegg.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust (kun hausten 2018, for kull 2016)

Vår (første gang våren 2020, for kull 2017)

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

I tillegg inngår sjølvvalt litteratur på 800-1000 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10