Spesialpedagogisk grunnlagstenking

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I emnet skal studentane tileigne seg forståing for korleis tenking innanfor det spesialpedagogiske fagområdet har utvikla seg i fortid og notid. Det blir lagt vekt på at studentane skal få kunnskap om og sjølv ta stilling til og kritisk drøfte grunnleggande spesialpedagogiske spørsmål. Studentane si kritiske lesing av tekstar med relevans for det spesialpedagogiske fagområdet, deira aktive deltaking i seminar, samt deira sjølvstendige tekstproduksjon, utgjer ein vesentleg del av studiet sitt innhald.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten..

  • har inngåande kunnskap om og forståing for korleis tenking innanfor det spesialpedagogiske fagområdet har utvikla seg
  • har inngåande kunnskap om sentrale spesialpedagogiske grunnlagsproblem

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan vurdere og diskutere spesialpedagogisk grunnlagstenking i forsking, politikk og samfunn
  • kan ta stilling til og drøfte grunnleggande problem innan spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan kritisk vurdere og kommunisere spørsmål og resonnement ut frå ein spesialpedagogisk ståstad

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust, annakvart år

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emne er ope for alle med studierett på masterprogrammet i spesialpedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet kombinerer forelesingar, seminar, praktiske øvingsoppgåver og ulike former for digital samarbeidslæring.

Emnet vil innehalde om lag:

  • 12x3 timar forelesing/seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Innlevering av tre tekstar
  • Deltaking på forelesing/seminar
  • Vurderingsformer

    I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

    • Heimeeksamen over 10 dagar.
    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. Litteraturlista er på om lag 1200 sider.
    Emneevaluering
    Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Emneansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emne og studieprogrammet.