Spesialpedagogisk grunnlagstenking
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SPED311
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I emnet skal studentane tileigne seg forståing for korleis tenking innanfor det spesialpedagogiske fagområdet har utvikla seg i fortid og notid. Det blir lagt vekt på at studentane skal få kunnskap om og sjølv ta stilling til og kritisk drøfte grunnleggande spesialpedagogiske spørsmål. Studentane si kritiske lesing av tekstar med relevans for det spesialpedagogiske fagområdet, deira aktive deltaking i seminar, samt deira sjølvstendige tekstproduksjon, utgjer ein vesentleg del av studiet sitt innhald.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten..
- har inngåande kunnskap om og forståing for korleis tenking innanfor det spesialpedagogiske fagområdet har utvikla seg
- har inngåande kunnskap om sentrale spesialpedagogiske grunnlagsproblem
Ferdigheiter
Studenten..
- kan vurdere og diskutere spesialpedagogisk grunnlagstenking i forsking, politikk og samfunn
- kan ta stilling til og drøfte grunnleggande problem innan spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt
Generell kompetanse
Studenten..
- kan kritisk vurdere og kommunisere spørsmål og resonnement ut frå ein spesialpedagogisk ståstad
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust, annakvart år
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emne er ope for alle med studierett på masterprogrammet i spesialpedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet kombinerer forelesingar, seminar, praktiske øvingsoppgåver og ulike former for digital samarbeidslæring.
Emnet vil innehalde om lag:
- 12x3 timar forelesing/seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Heimeeksamen over 10 dagar.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. Litteraturlista er på om lag 1200 sider.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emne og studieprogrammet.