Spesialpedagogisk grunnlagstenking
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeSPED311
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust, annakvart år
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
I emne skal studentane tileigne seg forståing for korleis tenking inspirert av ulike pedagogisk- filosofiske og idéhistoriske retningar har utvikla seg og påverka spesialpedagogisk forsking og praksis i fortid og notid. I særleg grad utviklinga frå ein individorientert, naturvitskapeleg ståstad til ein meir eklektisk og fellesskapsorientert praksis. Det blir lagt vekt på at studentane sjølv skal ta stilling til og kritisk drøfte grunnleggande spesialpedagogiske spørsmål og utfordringar. Studentane si kritiske lesing av pedagogisk-filosofiske tekstar med relevans for det spesialpedagogiske fagområdet, deira aktive deltaking i seminar, samt deira sjølvstendige tekstproduksjon, utgjer ein vesentleg del av studiet sitt innhald.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten..
- har inngåande kunnskap om og forståing for sentrale pedagogisk-filosofiske og idéhistoriske retningar og kan grunngje korleis desse har relevans for spesialpedagogiske forsking og praksis
- har inngåande kunnskap om sentrale spesialpedagogiske grunnlagsproblem og kan reflektere over korleis desse kan ha konsekvensar for korleis ein møter barn og unge med ulike funksjonsnedsettingar og føresetnader for læring
Ferdigheiter
Studenten..
- kan vurdere og diskutere spesialpedagogisk grunnlagstenking i forsking, politikk og samfunn
- kan analysere og kritisk vurdere vitskaplege studiar knytt til teori og praksis
- kan ta stilling til og drøfte grunnleggande problem innan spesialpedagogisk arbeid og innan spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt, inkludert forholdet mellom ideologi og verkelegheit
- kan løfte frem, analysere og diskutere sentrale etiske dilemma med relevans for det spesialpedagogiske fagområde
Generell kompetanse
Studenten..
- kan kritisk vurdere ulike spørsmål og resonnement ut frå ulike pedagogisk-filosofiske og idéhistoriske retningar
- Kan reflektere over etisk skjønn i møte med forsking
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emne er ope for alle med studierett på masterprogrammet i spesialpedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Emne kombinerer forelesingar, seminar, praktiske øvingsoppgåver og ulike former for digital samarbeidslæring.
Emne vil innehalde om lag:
- 12x3 timar forelesing/seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å framstille seg til vurdering i emne:
- Ingen obligatoriske aktivitetar i dette emne
Vurderingsformer
I emne nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Heimeeksamen (10 dagar, utforma etter APA-standarden sine retningslinjer)
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. Litteraturlista er på om lag 1200 sider.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emne og studieprogrammet.
Kontakt
Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@psyfa.uib.no
Tlf. 55 58 27 10
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 26.01.2022, 09:00
- Innleveringsfrist
- 04.02.2022, 15:00
- Trekkfrist
- 25.01.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen