Forskingsmetode
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeSPED312
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår, annakvart år
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emne skal sette studentane i stand til å planlegge eit sjølvstendig forskingsarbeid. I fellesdelen av emne er målet at studentane skal tileigne seg eit vitskapsteoretisk grunnlag for å forstå ulike forskingsmetodiske tilnærmingar. Studentane skal også kunne vurdere forskingslitteratur, forskingsresultat og vere i stand til å reflektere kritisk og etisk over sentrale metodiske framgangsmåtar og fortolkingspremiss. I andre del av emne skal studentane fordjupe seg i ein vald metodetilnærming (kvalitativ/kvantitativ). Studentane skal få djupare kjennskap til den framgangsmåten dei har valt, slik at dei er i stand til å gjennomføre og drøfte innsamling og analyse av forskingsmateriale.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten..
- har kunnskap om ulike vitskapeleg paradigme og forklaringsmåtar og kan bruke desse til å reflektere kritisk over spesialpedagogisk verksemd
- har kunnskap om sentrale omgrep og teoriar innanfor kvalitative og kvantitative metodar, samt triangulering av desse (mixed methods)
- har kunnskap om formelle forskingsetiske prosedyrar og kan bruke desse på ein formålstenleg måte i møte med ulike forskingsetiske problemstillingar
- har kunnskap om den vitskapsteoretiske forankringa til metoderetninga vedkommande vel å fordjupa seg i
Ferdigheiter
Studenten..
- kan drøfte forskingsetiske problemstillingar i pedagogisk og spesialpedagogisk forsking
- kan reflektere over og diskutere ulike vitskapelege paradigme og forklaringsmåtar
- kan reflektere over og diskutere ulike gyldigheitskrav i kvantitative og kvalitative metodetradisjonar
- kan demonstrere praktiske ferdigheiter med konkrete metodar for datainnsamling og analyse
Generell kompetanse
Studenten..
- kan analysere og stilla seg kritisk til ulike forskingsresultat
- kan vurdere forskings- og utviklingsarbeid med relevans for barnehage, skule og opplæringssektoren
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
PED312 + SPED312 = 15 studiepoeng i reduksjon (det vil sei at dei er ekvivalente)
Krav til studierett
Emne er ope for alle med studierett på masterprogrammet i spesialpedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Emne kombinerer forelesingar, seminar, praktiske øvingsoppgåver og ulike former for digital samarbeidslæring.
Emne vil innehalde om lag:
- 12x3 timar forelesning/seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å framstille seg til vurdering i emne:
- Prosjektskisse med tentativ problemstilling til masteroppgåva
Studentane får utlevert eit eige skriv med informasjon om prosjektskissa ved semesterstart.
Vurderingsformer
I emne nyttar ein heimeeksamen over 10 dagar.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. Litteraturlista er på om lag 1000 sider.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emne og studieprogrammet.
Kontakt
Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@psyfa.uib.no
Tlf. 55 58 27 10
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 06.05.2022, 09:00
- Innleveringsfrist
- 16.05.2022, 15:00
- Trekkfrist
- 22.04.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen