Systemarbeid og kartlegging
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeSPED313
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust, annakvart år
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emne skal førebu studentane til å utøve rolla som spesialpedagog med fokus på individ og systemarbeid.
Emne vil gi innsikt i og forståing for ulike teoriar og prosessar knytt til system- og individarbeid i barnehage og skule, samt kjennskap til kva som kjenneteiknar barn og unge med ulike funksjonsnedsettingar og læringsutfordringar. Emne vil og gi kunnskap om korleis ein kan forebygge på individ-, gruppe- og samfunnsnivå. Vidare vil studentane gjennom emne få kunnskap om og kompetanse i korleis ein kan kartlegge barn og unges utvikling og eventuelle vanskar med bruk av ulike kartleggingstilnærmingar. Gjennom tolking av resultat frå kartlegging skal studentane i arbeid med ulike case foreslå, utarbeide og evaluere ulike tiltak som tek vare på individet i fellesskapet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten..
- har inngåande kunnskap om og kan reflektere over sentrale systemteoretiske perspektiv med relevans for barnehage og skule
- har kunnskap om og kan reflektere over korleis ulike system kan påverke individet og omvendt
- har kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og læringsutfordringar, og kan reflektere over korleis slik kunnskap kan bidra til betre førebygging på individ-, gruppe- og samfunnsnivå.
- har kunnskap om det teoretiske og metodologiske grunnlaget for ulike kartleggingstilnærmingar og kan kritisk vurdere relevansen av desse i møte med barn og unge med særskilte behov
- har kunnskap om korleis vurdere og implementere ulike tiltak basert på ei tilnærming som tek vare på individet i eit fellesskap
Ferdigheiter
Studenten..
- kan analysere og kritisk vurdere korleis ulike systemteoretiske perspektiv kan være eigna for å ivareta individet i fellesskapet.
- Kan analysere og kritisk vurdere ulike førebyggingsstrategiar på individ-, gruppe- og samfunnsnivå.
- kan analysere og kritisk vurdere ulike kartleggingstilnærmingar og kartleggingsmateriell.
Generell kompetanse
Studenten..
- kan løfte frem, analysere og diskutere sentrale spørsmål og dilemma knytt til individ- og systemteoretiske perspektiv med relevans for barnehage og skule.
- kan kritisk vurdere fordeler og ulemper ved bruk av individ- og/eller systemteoretisk tilnærming knytt til kartlegging av barn og unge med ulike føresetnader for læring
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emne er ope for alle med studierett på masterprogrammet i spesialpedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Emne kombinerer forelesingar, seminar, praktiske øvingsoppgåver og ulike former for digital samarbeidslæring.
Emne vil innehalde om lag:
- 12x2 timar forelesning
- 12x2 timer seminar
- Tilbod om inntil 1 time rettleiing på fagtekst i mindre grupper
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å framstille seg til vurdering i emne:¿
- Gje/få tilbakemelding på fagtekst frå medstudent
- Deltaking på seminar
Vurderingsformer
I emne nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Mappeeksamen der rapport av eit kartleggingsverktøy, fagtekst og eit eige refleksjonsnotat skal inngå (5000 ord, utforma etter APA-standarden sine retningslinjer)
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F
Vurderingssemester
Haust, annankvart år. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om vurdering i det påfølgande vårsemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. Litteraturlista er på om lag 1000 sider.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
Programansvarleg
Institutt for pedagogikk
Emneansvarleg
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emne og studieprogrammet.