Hjem
Studentsider
Masteremne

Spesialpedagogisk rettleiing i teori og praksis

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSPED314
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår, annakvart år

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emne er å gje studentane ei innføring i rettleiing med relevans for det spesialpedagogiske fagfeltet. Emne skal førebu studenten til å utøve rolla som spesialpedagogisk rettleiar på ein profesjonell og etisk måte. Gjennom praksis i opplæringssektoren eller andre aktuelle støttetenester vil studenten få kjennskap til ulike dilemma knytt til det spesialpedagogiske fagfeltet. Denne kjennskapen skal munne ut i eit skriftleg arbeid, der ei sjølvvalt problemstilling vert drøfta i lys av litteratur og erfaringar frå praksis. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten..

  • har kunnskap om og kan kritisk reflektere over sentrale perspektiv og teoriar innanfor rettleiing
  • har kunnskap om og kan kritisk reflektere over etiske teoriar knytt til rettleiing
  • har kunnskap om og kan identifisere hemmande og fremmande faktorar knytt til samarbeid i lys av spesialpedagogiske problemstillingar
  • har gjennom praksis tilegna seg kunnskap om opplæringssektoren, og kan kritisk reflektere over støttetenestene sin rolle og funksjon

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan ved bruk av ulike rettleiingsteoriar setje i gang, gjennomføre og evaluere ulike tiltak med relevans for praksis i opplæringssektoren og støttetenestene
  • Kan identifisere hemmande og fremmande faktorar knytt til samarbeid med ulike profesjonsgrupper innanfor opplærings- og støttetenestene
  • Kan omsetje teori og erfaringar frå spesialpedagogisk praksis skriftleg og munnleg

Generell kompetanse

Studenten..

  • Kan med bakgrunn teori og praksis analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
  • kan identifisere behov for utvikling og endring i opplæringssektoren og støttetenestene
  • kan kommunisere om spesialpedagogiske problemstillingar, analyser og konklusjonar, både med fagfeltet og til ålmenta 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emne er ope for alle med studierett på masterprogrammet i spesialpedagogikk.

Arbeids- og undervisningsformer

Emne nyttar forelesingar, seminar, ulike former for digital samarbeidslæring, samt rettleiing på skriftleg arbeide.

Emne vil innehalde om lag:

  • 8x3 timar forelesning/seminar
  • 1 time individuell rettleiing pr. student i arbeidet med semesteroppgåva

I tillegg inngår 3 veker med praksis i opplæringssektoren eller støttetenesta. Studentane får utlevert eit eige skriv med informasjon om praksis ved semesterstart.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å framstille seg til vurdering i emne:

  • Deltaking på seminar
  • Deltaking i og godkjent praksis
  • Munnleg presentasjon av erfaringar frå praksis (gruppevis i seminar etter praksis)

Vurderingsformer

I emne nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • Semesteroppgåve 3000 ord (+/- 10 %), utforma etter APA-standarden sine retningslinjer. Oppgåva skal byggje på ein sjølvvalt problemstilling som vert drøfta i lys av litteratur på emne og relevante praksiserfaringar 

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. Litteraturlista er på om lag 750 sider.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Emneansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ Institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for emne og studieprogrammet.