Introduksjon til spansk og latinamerikastudium

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal få eit godt grunnlag for eit akademisk studium av spansk språk og latinamerikansk litteratur og historie gjennom å få ei elementær innføring i ulike tematiske einingar med relevans for dei tre disiplinane.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studentane kjennskap til hovudlinene i spansk grammatikk og uttale. I tillegg har dei fått ei første innføring i spanskspråkleg litteratur og historie. Dei har opparbeidd god leseevne og kan uttrykkja seg munnleg og skriftleg på eit enkelt akademisk spansk. SPLA100 gjev grunnlag for vidare studium i spansk språk og latinamerikansk litteratur og historie.

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav
Tilrådde forkunnskapar
Sidan all undervisning går føre seg på spansk tilrår vi eit språknivå minimum A2 (jf. CEFR-skalaen) eller tilsvarande spansk nivå II frå vidaregåande skule.
Studiepoengsreduksjon
SPLA100H (10 stp.)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Kurset går over heile haustsemesteret (12 veker) med minimum 4 timar undervisning i veka. Undervisningsforma vil i hovudsak vera seminar med integrert gruppeundervisning. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er ingen krav om minimumsframmøte til undervisninga, men studentane vert sterkt oppmoda om å delta aktivt på seminar og i gruppearbeid.
Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

Ein avsluttande skriftleg skoleeksamen i sal på 4 timar. Eksamensspråket er spansk på litteratur- og kulturdelen, og spansk eller norsk på grammatikkdelen. Eksamen er digital.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane kan nytta eittspråkleg og tospråkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
Emneansvarleg
Programstyret for Spansk språk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.