Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Spansk kulturkunnskap

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studiet skal gi studentane oversyn over hovuddraga i spansk historie og spanske samfunnstilhøve frå det 20. hundreåret.

Læringsutbyte

Studentane vinn innsyn i sentrale tema og problemstillingar innan fagområdet spansk historie, kultur og tradisjonar. Vidare skal studentane analysera fagstoff og trekka eigne slutningar. Dei skal kunna vidareutvikla sin kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

SPLA106 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til fullført SPLA101 eller SPLA103.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for SPLA106 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med SPLA106H.

Krav til studierett

Emnet er berre ope for studentar som er tekne opp til Integrert Lektorutdanning ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Det blir normalt undervist i sentrale delar av pensum. I tillegg til oversynsførelesingane, blir det undervist i historisk terminologi og tekstforståing. Særleg er det lagt vekt på kulturforståing gjennom analyse av utvalte tema. Totalt blir det gitt førelesingar 2 timar i veka i 4 veker.

Er det svært få studentar, blir undervisninga gitt i form av rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen 

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein 2-timars skoleeksamen med kortsvarsoppgåver som blir skriven på spansk. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret.

Litteraturliste

Pensum (om lag 200 s.) inkluderer eit oversynsverk og eit lite utval kjeldetekstar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    12.10.2022, 09:00
    Varigheit
    2 timer
    Trekkfrist
    28.09.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted