Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 SPLA207 er eit fordjupingsemne i spansk grammatikk generelt og spesielt relatert til spansk i Latinamerika.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:  

Kunnskap:

Studenten

  • har solid kunnskap om eit tematisk avgrensa emne innan latinamerikanske språkvariantar av spansk grammatikk.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan bruka grammatisk terminologi og akademisk refleksjon i analysen av praktiske og teoretiske problemstillingar innan latinamerikansk språk og grammatikk.
  • har vidareutvikla den språklege kompetansen, særleg med omsyn til å gjere greie for språklege og grammatiske spørsmål.

Grunnkompetanse:

Studenten

  • har kompetanse til å halda fram med eit masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium (etter også å ha fullført andre obligatoriske og/eller valfrie fordjupingsemne).

Krav til forkunnskapar

 Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og baserer seg på spanskkunnskapar og kunnskapar innan spansk grammatikk som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.

Tilrådde forkunnskapar

 SPLA207 baserer seg på spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA107 og SPLA117.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for SPLA207 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA257 eller med SPLA201/251 og med 5 studiepoeng om det vert kombinert med SLAN640.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

 Undervisninga er organisert som førelesingar/seminar, og går over åtte veker med to undervisningstimar i veka. I tillegg vert det normalt gruppeundervisning to timar i veka i åtte veker. Undervisninga går saman med SPLA257.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Pga. koronasituasjonen fell kravet om minimum 70 % oppmøte i undervisninga bort våren 2021. Studentane vert oppmoda til å møte til undervisninga.  

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er todelt, og består av ei skriftleg, ikkje-rettleidd oppgåve med karakter som skal telja 40 % av den endelege karakteren og ein skoleeksamen som skal telja 60 % av den endelege karakteren.

Hausten 2021 er den skriftlege skoleeksamenen på fire timar endra til ein seks timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time med teknisk tilleggstid, som tiltak mot spreiing av koronavirus. Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne.

Fristen for innlevering av den skriftlege oppgåva vert kunngjort tidleg i semesteret. Studentane kan velja mellom eit utval tema gitt av faglærar, og omfanget er på om lag 1250 ord.

Stryk i ein av desse deleksamenane fører til stryk i SPLA207. Båe eksamensdelane må vera greidde i same semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

 Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

 Pensum er i hovudsak ein referansegrammatikk.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk

Kontakt

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og skriftleg eksamen heime

    Trekkfrist
    02.09.2021
    • Eksamensdel: Oppgåve

      Innleveringsfrist
      24.09.2021, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Skriftleg eksamen heime

      Dato
      30.09.2021, 09:00
      Varigheit
      5 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen