Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

SPLA209 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk kulturkunnskap. Emnet skal leggja til rette for at studentane tileignar seg djupare innsikt i eit utvalt tema innan fagfeltet.

Tema kan variera frå semester til semester, men vil alltid vera henta frå fagområdet latinamerikansk kulturkunnskap/historie. Emnet kan i eitt gitt semester tilby fordjuping i t.d. ein periode, eit land, eller eit tema.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • har utdjupande kunnskap om eit emne innan latinamerikansk kulturkunnskap.
  • har forståing for korleis det aktuelle emnet pregar den latinamerikanske røynda.
  • kan gjera greie for korleis det aktuelle emnet heng saman med sentrale trekk i latinamerikansk historie og kulturkunnskap

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan bruke relevante analyseverktøy for å tolka ulike problemstillingar innan latinamerikansk kulturkunnskap.
  • har utvikla den språklege kompetansen sin, særlig med omsyn til å tolka ulike spanske tekstar innan feltet latinamerikansk kulturkunnskap.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har kompetanse til å halde fram med eit masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium (etter også å ha fullført andre obligatoriske og/eller valfrie fordjupingsemne).

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og baserer seg på fagkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.
Tilrådde forkunnskapar
SPLA209 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA109 og SPLA119.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for SPLA209 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA259 eller med SPLA203/253 eller med SLAN642.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Studietilbodet inneheld både førelesingar og seminar. Undervisninga går saman med SPLA259. Det vert normalt gitt undervisning fire timar i veka i åtte veker. Det kan også verta aktuelt å organisera undervisninga i større blokker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 70 % av undervisninga for å få gå opp til vurdering i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Vurderingsforma er ein 4-timars skuleeksamen som vert skriven på spansk. Karakteren vert sett på grunnlag av både innhald og språk. Eksamen kan bli digital.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum (om lag 550 sider) skal innehalda vitskaplege artiklar/essays og oversynsverk, og utvalde historiske kjeldetekstar knytte til desse.

Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Ein kan i særskilte høve få løyve til å leggja opp pensum frå tidlegare semester, men då berre etter grunngjeven søknad ved semesterstart. Kontakt Institutt for framandspråk.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane kan nytta eitt-språkleg og to-språkleg (t.d. norsk-spansk/spansk-norsk) ordbok godkjend av instituttet på eksamensdagen. Studentane må sjølve ta med ordbøker til eksamen, og halda seg orienterte om og retta seg etter reglane som gjeld for kontroll av ordbøkene.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.