Fordjuping i latinamerikansk kulturkunnskap
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeSPLA209
- Talet på semester1
- Språk Spansk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Ikkje relevant
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
SPLA209 er eit fordjupingsemne i latinamerikansk kulturkunnskap. Emnet skal leggja til rette for at studentane tileignar seg djupare innsikt i eit utvalt tema innan fagfeltet.
Tema kan variera frå semester til semester, men vil alltid vera henta frå fagområdet latinamerikansk kulturkunnskap/historie. Emnet kan i eitt gitt semester tilby fordjuping i t.d. ein periode, eit land, eller eit tema.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- har utdjupande kunnskap om eit emne innan latinamerikansk kulturkunnskap.
- har forståing for korleis det aktuelle emnet pregar den latinamerikanske røynda.
- kan gjera greie for korleis det aktuelle emnet heng saman med sentrale trekk i latinamerikansk historie og kulturkunnskap
Ferdigheiter:
Studenten
- kan bruke relevante analyseverktøy for å tolka ulike problemstillingar innan latinamerikansk kulturkunnskap.
- har utvikla den språklege kompetansen sin, særlig med omsyn til å tolka ulike spanske tekstar innan feltet latinamerikansk kulturkunnskap.
Generell kompetanse:
Studenten
- har kompetanse til å halde fram med eit masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium (etter også å ha fullført andre obligatoriske og/eller valfrie fordjupingsemne).
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og baserer seg på fagkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.
Tilrådde forkunnskapar
SPLA209 legg til grunn spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i Spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA109 og SPLA119.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vert studiepoengutteljinga for SPLA209 redusert med 10 studiepoeng om det vert kombinert med SPLA259 eller med SPLA203/253 eller med SLAN642.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Studietilbodet inneheld både førelesingar og seminar. Undervisninga går saman med SPLA259. Det vert normalt gitt undervisning fire timar i veka i åtte veker. Det kan også verta aktuelt å organisera undervisninga i større blokker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Pga. koronasituasjonen fell kravet om minimum 70 % oppmøte i undervisninga bort våren 2021. Studentane vert oppmoda til å møte til undervisninga.
Vurderingsformer
Våren 2021 er den skriftlege skoleeksamenen på fire timar endra til ein seks timars skriftleg eksamen heimefrå + éin time med teknisk tilleggstid, som tiltak mot spreiing av koronavirus.
Hjelpemiddel til eksamen
Ved skriftleg eksamen heime er alle hjelpemiddel tillatne.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste
Pensum (om lag 550 sider) skal innehalda vitskaplege artiklar/essays og oversynsverk, og utvalde historiske kjeldetekstar knytte til desse.
Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Ein kan i særskilte høve få løyve til å leggja opp pensum frå tidlegare semester, men då berre etter grunngjeven søknad ved semesterstart. Kontakt Institutt for framandspråk.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg eksamen heime
- Dato
- 11.05.2021, 09:00
- Varigheit
- 7 timer
- Trekkfrist
- 27.04.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen