Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Fordjuping i spansk grammatikk med latinamerikanske variantar med bacheloroppgåve

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeSPLA257
  • Talet på semester1
  • SpråkSpansk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Ikkje relevant

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

SPLA257 er eit fordjupingsemne i spansk grammatikk generelt og spesielt relatert til spansk i Latinamerika.

Læringsutbyte

 Kunnskap:

Kandidaten

  • har solid kunnskap om eit tematisk avgrensa emne innan latinamerikanske språkvariantar av spansk grammatikk.

Dugleik:

Kandidaten

  • kan bruka grammatisk terminologi og akademisk refleksjon i analysen av praktiske og teoretiske problemstillingar innan latinamerikansk språk og grammatikk.
  • har vidareutvikla den språklege kompetansen, særleg med omsyn til å gjere greie for språklege og grammatiske spørsmål.

Grunnkompetanse:

Kandidaten

  • har kompetanse til å halda fram med eit masterprogram i spansk språk og latinamerikastudium (etter også å ha fullført andre obligatoriske og/eller valfrie fordjupingsemne).

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisning skjer på spansk og baserer seg på spanskkunnskapar og kunnskapar innan spansk grammatikk som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium.

Tilrådde forkunnskapar

SPLA257 baserer seg på spanskkunnskapar som svarar til emna på 100-nivå i spansk språk og latinamerikastudium. Undervisninga byggjer vidare på SPLA107 og SPLA117.

Studiepoengsreduksjon

SPLA207 (10 stp), SPLA201/251 (10 stp), SLAN640 (5 stp)

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er organisert som førelesingar/seminar, og går over åtte veker med to undervisningstimar i veka. I tillegg vert det normalt gruppeundervisning to timar i veka i åtte veker. Undervisninga går saman med SPLA207.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Det blir kravd at studentane deltek på minimum 70 % av undervisninga for å få gå opp til vurdering i emnet.

Den rettleidde oppgåva som vert omtala under Vurderingsformer skal leverast til rettleiing i løpet av semesteret, innan oppsette fristar. Fristane er endelege, og studentane pliktar sjølve å halda seg informerte om desse. Det er òg obligatorisk for studentane å møta til rettleiing til avtala tidspunkt. Det vert sett opp to rettleiingstimar etter avtale mellom student og rettleiar. Rettleiing per e-post/telefon vert normalt ikkje gitt.

Dei obligatoriske arbeidskrava er gyldige i eitt semester etter undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

 Ei rettleidd bacheloroppgåve og munnleg eksamen. Oppgåva skal vera på om lag 10 standardsider (dobbel linjeavstand og 12 punkt Times New Roman eller liknande skrifttype) pluss bibliografi, skriven på spansk. Munnleg eksamen er ein samtale på spansk om pensum, der òg oppgåva kan trekkjast inn.

Den rettleidde oppgåva og den munnlege delen av eksamen tel høvesvis 60 og 40 prosent. Stryk i ein av desse delane fører til stryk i SPLA257. Båe eksamensdelane må vera greidde i same semester.

Ved eksamen i følgjande semester leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidde bacheloroppgåva utan vidare rettleiing

Vurderingsforma rettleidd bacheloroppgåve med munnleg eksamen fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad. Ein kan maksimalt velja eitt av oppgåveemna med SPLA250-kode i same semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum er i hovudsak ein referansegrammatikk. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for spansk språk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    26.04.2019
    • Eksamensdel: Bacheloroppgåve

      Innleveringsfrist
      10.05.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen

      Dato
      27.05.2019, 13:00