Trendar i moderne spansk lingvistikk: teori og metode

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal innehalda minst fire av fylgjande komponentar:

- Spansk språk som studiemål (innleiing)

- Metodar i spansk dialektologi

- Metodar i spansk sosiolingvistikk

- Spansk i kontakt med andre språk

- Spansk språk og kultur

- Nye trendar innan spansk lingvistikk

- Korpuslingvistikk

- Munnleg språk

- Pragmatikk

- Tekstlingvistikk

- Diskursanalyse

- Omsetjing

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, kompetanse og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan spansk språkvitskap, og kjenner hovudlinene i dei ulike metodane og teknikkane språkforskarar har brukt i analysen av spansk i nyare tid.
  • har innsikt i teoretiske og metodiske problemstillingar innanfor spansk språkvitskap.

Kompetanse

Studenten

  • er i stand til å gjere greie for hovuddraga i moderne måtar å arbeida med spansk språk på.
  • har eit grunnlag for å halde fram med forskingsverksemd innan spansk språk.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan skilja mellom desse metodane og arbeida med dei.
  • fått oppøving i evne til kritisk refleksjon

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men all undervisinga skjer på spansk og føreset solide spanskkunnskapar.
Tilrådde forkunnskapar
Ikkje relevant
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i spanskog latinamerikastudium
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsform er seminar/førelesingar på til saman 24 timar, to timar per veke i 12 veker eller som blokkundervisning, der det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt gjennom semesteret.Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Eit utkast av den rettleidde oppgåva som blir omtala i rubrikken Vurderingsformer skal leverast til rettleiing til fastsett tid i semesteret.

Det er òg obligatorisk for studentane å møte ein gong til digital rettleiing til avtalt tidspunkt. Frist for innlevering av utkastet blir kunngjort på seminaret.

Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav gjeld i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Ei rettleidd oppgåve (essay) på ca. 4000 ord på spansk, pluss bibliografi. Tema for oppgåva blir godkjent av faglærar, og oppgåva blir vurdert av ein eksamenskommisjon i slutten av semesteret.
Karakterskala
Det blir nytta gradertkarakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust.

Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Ca. 500 sider henta frå diverse arbeid i spansk språkvitskap frå ca. 1950 til i dag.

Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar blir gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for spansk og latinamerikastudium.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.