Hjem
Utdanning
Masteremne

Teori og metode i latinamerikansk historie

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Mål:
Emnet skal gje kunnskapar om og innsyn i ulike teoriar og metodar nytta i forsking innan historiefaget og relatere desse til ein latinamerikansk kontekst.

 

Innhald:
Det vil bli diskutert kva historie er i eit latinamerikansk perspektiv og korleis denne har vorte tolka frå ulike teoretiske ståstader i ulike historiske periodar. Studentane blir i tillegg introduserte for ei rekkje metodar nytta i forsking på latinamerikansk historie og ulike typar kjeldemateriale, og ein vil vise korleis desse kan brukast for å kaste lys over ulike problemstillingar i eit forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, kompetanse og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten har

  • kjennskap til korleis synet på latinamerikansk historie har endra seg over tid
  • innsikt i ulike metodar og ulike typar kjeldemateriale nytta i forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur, og korleis eit slikt arbeid kan byggjast opp
  • innsikt i korleis historiefaget har vorte forstått og praktisert i ein latinamerikansk kontekst.

Kompetanse

Kandidaten har

  • evne til å reflektere over teoretiske innfallsvinklar, og vurdere tilhøvet mellom spørsmål og val av metode i eit forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur.

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • bruke kompetansen sin på nye område for å gjennomføre spesialiserte oppgåver og prosjekt.

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervising skjer på spansk og føreset solide spanskkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for SPLA313 redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med SPLA313L.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med opptak til masterprogrammet i spansk og latinamerikastudium.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsform er seminar/førelesingar på til saman 24 timar, to timar per veke i 12 veker eller som blokkundervisning, der det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt gjennom semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisingsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen 

Vurderingsformer

Vurderingsforma i emnet er ein fem dagars heimeeksamen der studentane skal skrive ei oppgåve på ca. 3500 ord.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust.

Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret.

Litteraturliste

Ca. 550 sider henta frå læreverk og artiklar som omhandlar historisk teori og metode innan historisk forsking.

Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet.

Litteraturlista skal liggja føre innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for spansk og latinamerikastudium.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon