Metode i latinamerikansk historie
Masteremne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SPLA313L
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet skal gje kunnskapar om og innsyn i ulike metodar innan historiefaget med relevans for forskingsarbeid med latinamerikanske emne.
Innhald:
Studentane vil verta introduserte for ei rekkje metodar nytta i forsking på latinamerikansk historie og ulike typar kjeldemateriale, og ein vil visa korleis desse kan brukast for å kasta lys over ulike problemstillingar i eit forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur.
Læringsutbyte
Etter fullført emne har studenten
¿ innsikt i ulike metodar og ulike typar kjeldemateriale nytta i forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur, og korleis eit slikt arbeid kan byggjast opp
¿ evne til å reflektera over teoretiske innfallsvinklar, og vurdera tilhøvet mellom spørsmål og val av metode i eit forskingsarbeid som omhandlar latinamerikansk historie og kultur.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Emnet går første gong hausten 2022
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall verta informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust.
Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret.
Litteraturliste
Ca. 225 sider henta frå læreverk og artiklar som omhandlar metode innan historisk forsking.
Studentane skal som hovudregel leggja opp det pensumet som ligg til grunn for undervisninga det gjeldande semesteret. Alternative pensum kan godkjennast etter grunngjeven søknad til fagmiljøet.
Litteraturlista skal liggja føre innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.