Prosjektarbeid i statistikk
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeSTAT292
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet består i å skrive og presentere ei prosjektoppgåve. Prosjektoppgåva vil ha tema som spenner over heile spekteret av sentrale problemstillingar i statistikk. I prosjektarbeidet skal studentane få trening i bruk av bibliotekstenester. Det blir og gitt undervising i programpakka R, matematisk skriving og i bruk av LaTex.
Læringsutbyte
Etter fullførd emne skal studentane kunne:
- Planleggje og gjennomføre eit prosjekt knytt til statistiske fag.
- Redigere matematisk tekst ved hjelp av eigna programvare.
- Formulere og presentere ei matematisk problemstilling både munnleg og skriftleg.
Krav til studierett
Emnet er berre opent for studentar som tek Bachelorgrad i statistikk eller Integrert master i aktuarfag.Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk frammøte på undervising.
Vurderingsformer
Prosjektoppgåve + munnleg presentasjon. Eksamen berre ein gong i året - vår.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Eksamen berre ein gong i året - vår (fyste gong vår 2017)
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontakt
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Semesteroppgåve og ein munnleg prøve
- Trekkfrist
- 06.05.2022