Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Overlevingsanalyse

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeSTATOVLEV
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk (Engelsk vil bli brukt dersom utvekslingsstudentar følgjer kurset.)
  • Ressursar

Undervisningssemester

Uregelmessig. Emnet går ikkje haust 2019.

Mål og innhald

Emnet tek opp analyse av datasett der enkeltobservasjonane representerer lengda av eit tidsrom inntil ei viss hending finn stad. Hendinga kan til dømes vere dødsfall av gitte årsaker, sjukdomstilbakefall etter ein operasjon, svikt av ein komponent i ei maskin, eller spiring av frø under gunstige forhold i eit laboratorium. Dei underliggjande fordelingane er typisk asymmetriske. Ofte vil mange av observasjonane vere sensurert, dvs. at den verklege tida det tek inntil hendinga opptrer ikkje blir observert, men at det likevel er kjend at hendinga enno ikkje har skjedd ved eit gitt tidspunkt. Emnet omhandlar bl. a. metodar som gjer det mogeleg å samanlikne grupper av observasjonar med overlevingsdata. Det tek også opp regresjonsanalyse av overlevingsdata når det er knytt verdiar av gjevne x-variable til observasjonane.

Læringsutbyte

Studentane skal bli kjende med teorien for dei vanlegaste metodane i overlevingsanalyse som blir brukt innanfor fagfelt som medisin, teknologi og forsikring.

Tilrådde forkunnskapar

STAT111. Kjennskap til stoff frå STAT201, STAT210 og STAT220 vil vere ein fordel.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske øvingar.Gyldige to semestre (det semesteret de er tatt + semesteret etter)

Vurderingsformer

Munnleg eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalen A-F nytta.