Monte Carlo metodar og Bayesiansk statistikk

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Kursinnhald

Tilgang til emnet krev opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Emnet svarer til STAT250 www.uib.no/emne/STAT250, i tillegg er det eigne tilleggskrav for ph.d.-kandidatar:

For å sikra eit læringsutbyte på ph.d.-nivå er det eit krav at ph.d.-studenten i tillegg produserer ein sjølvstendig kurskomponent om eit emne relatert til innhaldet i STAT250. Forma av denne kurskomponenten skal vere ein 5-10 siders skriftleg rapport.

Emne for kurskomponenten blir bestemd i dialog mellom student og kursansvarleg og må endeleg godkjennast av kursansvarleg innan utgangen av 4. undervisningsveke. Det er ein føresetnad for å kunne ta eksamen i STATPHD950 at studenten har bestått gjennomføringen av kurskomponenten.