Hjem
Utdanning
Masteremne

Forskingsgruppeseminar og prosjektplan

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeSYKVIT306
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk/engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Overordna mål:

Introdusere studentane til lesing, kritisk tenking og diskusjon innan den sjukepleievitskapelege (forskings)tradisjon. Utforming av eigen prosjektplan.

Innhald:

Tilbodet er bredt og omfattar seminar innan mellom anna forskingsfelta livsfenomenar og livskvalitet, livsstilsepidemiologi, praxeologi, global helseantropologi og fenomenologisk helsefagleg forsking. Dei som held innlegg vil vere både interne forskarar og inviterte foredragshaldarar.

Læringsutbyte

Studentane skal ha:

- kunnskap om den sjukepleievitskapelige tenking og tradisjon.

- kunne lesa og diskutera vitskapelege tekstar og kritisk reflektere over innhaldet i tekstane.

- utforme og presentera val av eige forskingsdesign/ prosjektplan.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i sjukepleie eller anna helsefagleg bachelorgrad.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar i ulike forskingsgrupper

Skriving og presentering av eige forskningsdesign/ prosjektplan.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk frammøte med aktiv deltaking på minimum 8 seminar (24 t) over to semester.

Skriving og presentering av eige forskingsdesign/ prosjektplan.

For heiltidsstudentar skal prosjektplan for masteroppgåve godkjennast innan 1. juni i andre semester, for deltidsstudentar innan 1. juni i fjerde semester.

Vurderingsformer

Innlevering av godkjent prosjektplan

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Litteraturliste

Artiklar

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

e-post: studie@isf.uib.no

tel: 55586100

Emneansvarleg:

Professor Astrid Blystad - http://www.uib.no/personer/Astrid.Blystad

Eksamensinformasjon