Eldre teaterhistorie

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gi ei grunnleggande innføring i europeisk teaterhistorie frå antikken og fram til slutten av 1700-talet.

Gjennom emnet skal studenten få kunnskapar om skodespelarkunsten si utvikling i eldre europeisk historie, teaterbygningar og teaterdekorasjonanes funksjon og dramatikken si status i eldre tiders teater. Studenten skal òg få forståing for dei samfunnsmessige kontekstane til teater i eldre europeisk historie.

Gjennom emnet skal studenten få forståing for samanhengen mellom teater i fortid og nåtid.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • gode kunnskapar om dei ulike epokane i eldre europeisk teaterhistorie
  • kunnskapar om skodespelarkunst i eldre teaterhistorie
  • kunnskapar om teaterbygningar og teaterdekorasjonar i eldre europeisk teaterhistorie
  • grunnleggjande kunnskapar om teaterhistoriografiske problemstillingar.

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • gi ei god skriftleg utgreiing om eit emne innan eldre europeisk teaterhistorie
  • kan finne og oppdatere eigne teaterhistoriske kunnskapar
  • foreta ei enkel historiografisk vurdering av ein teaterhistorisk tekst

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • tileigne seg ny teaterhistorisk kompetanse gjennom eigne studiar av eldre teaterhistorie
  • reflektere over ulike måtar å forstå teaterhistoria på
  • reflektere over samanhengen mellom teaterhistoria og teater i nåtida.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av forelesingar og seminar med studentinnlegg.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må møte på minst 75% av undervisninga.
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen på seks timar.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Emnet har eit pensum på om lag 1000 tekstsider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne
Programansvarleg
Programstyret for teatervitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium