Moderne teaterhistorie

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gi ei grunnleggande innføring i moderne europeisk teaterhistorie frå slutten av 1700-talet og fram til nåtida.

Gjennom emnet skal studenten få kunnskapar om den moderne skodespelarkunsten si utvikling, regikunsten, teaterbygningane og scenografiens si funksjon i moderne teater. Studenten skal òg få forståing for dei samfunnsmessige kontekstane til moderne europeisk teater.

Gjennom emnet skal studenten få forståing for samanhengen mellom teater i fortid og nåtid.

Emnet inneheld òg ei innføring i teatervitskapeleg oppgåveskriving.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • gode kunnskapar om moderne teaterhistorie.
  • gode kunnskapar om skodespelarkunst, scenografi, og regikunst i nyare europeisk teater.
  • forståing for samanhengar og utviklingslinjer i moderne europeisk teaterhistorie

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • gi ei god skriftleg utgreiing om emne innan moderne europeisk teaterhistorie.
  • skildre eit teaterfenomen i samtida i lyset av moderne teaterhistorie.
  • Gi ein enkel utgreiing om eit avgrensa fenomen innanfor moderne skodespelarkunst, scenografi eller regikunst.

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • tileigne seg ny kunnskap gjennom studia av moderne teaterhistorie og teater i samtida.
  • reflektere over samanhengen mellom teaterhistoria og teater i samtida.
  • reflektere over estetiske, historiske og politiske aspektar ved samtidas teater.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av forelesingar og seminar med studentinnlegg. Det vil òg vere eit obligatorisk innføringskurs i oppgåveskriving. I samband med dette skal studenten skrive ei øvingsoppgåve og møte til individuell rettleiing av øvingsoppgåva, jf. obligatoriske arbeidskrav.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må møte på minst 75% av undervisninga.

Studentane skal i tillegg gjennomføre tre obligatoriske aktivitetar:

1) Delta på innføringskurs i oppgåveskriving.

2) Levere inn ei øvingsoppgåve.

3) Møte til rettleiing av øvingsoppgåve.

Vurderingsformer

7-dagars heimeeksamen og ein justerande munnleg eksamen.

Oppgåva skal vere på om lag 4 000 ord.

Karakterskala
A - F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Emnet har eit pensum på om lag 1100 tekstsider.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for teatervitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium