Dramaturgi i teori og praksis

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Formålet med emnet er å gi studenten ei grunnleggande forståing for dramaturgi som analytisk og strukturerande verktøy i teaterarbeid. Gjennom emnet skal studenten få teoretisk, historisk og praktisk kompetanse innanfor dramaturgi.

Emnet består av tre hovuddelar:

1. Teoretisk og historisk innføring i dramaturgi.

2. Workshop eller seminar om dramaturgisk tekstarbeid, analyse og konseptutvikling. Her kan dramatikarar, utøvande dramaturgar eller regissørar bidra som gjesteundervisarar.

3. Ekstern praksis kor studentane gruppevis skal vere observatørar eller dramaturgiske praktikantar i samband med teaterproduksjon ved ein teaterinstitusjon eller i det frie scenekunstfeltet.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • kunnskapar om dei viktigaste dramaturgiske teoriar frå antikken til i dag
  • kunnskapar om eit utval av dramatiske tekstar frå europeisk teaterhistorie
  • kunnskapar om dramaturgisk praksis i samband med produksjon av scenekunst og andre performative kunstformer
  • forståing av sambandet mellom teori og praksis i dramaturgi.

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • laga ei dramaturgisk analyse av ein teatertekst
  • nytte dramaturgisk teori i analyser av teaterframsyningar eller annan performativ framsyning
  • gi ei skriftleg og munnleg utgreiing om ei dramaturgisk problemstilling
  • formulere eit dramaturgisk konsept for teaterframsyning i dialog med samarbeidspartnarar som regissør, scenograf og skodespelarar.

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • arbeide praktisk med dramaturgi i samband med produksjon av scenekunst
  • tileigne seg nye kunnskapar om dramaturgiske teoriar og praksisar
  • analysere nye former innanfor scenekunst i lys av dramaturgiske teoriar
  • reflektere analytisk og kritisk om regikunst innan samtidas teater. teater i samtida.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Gjennomført TEAT112 Moderne teaterhistorie og TEAT115 framsyningsanalyse og teaterkritikk.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av forelesingar, seminar, workshops og ekstern praksis.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må møte på minst 75% av undervisninga.
Vurderingsformer
7-dagars heimeeksamen og ein justerande munnleg eksamen. Oppgåva skal vere på om lag 4 000 ord.
Karakterskala
Karakterskala frå A - F.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturliste blir publisert i god tid før semesterstart på Mitt UiB.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarleg
Programstyret for teatervitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium