Teaterestetikk og teaterteori

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Formålet med emnet er å utvikle studentane sine teoretisk-kritiske refleksjonsevne i høve til teater og anna scenekunst i samtid og nær fortid. Emnet gir ei grunnleggande innføring i teaterestetikk og teaterteoriar frå slutten av 1700-tallet til i dag. Sentrale teaterestetiske teoriar frå det 19. hundreåret vert gjennomgått, men hovudfokus vil vere på teoriar frå det 20. og 21. hundreåret I tillegg vil emnet også omfatte ei grunnleggande innføring i teatervitskapelig hermeneutikk og kritisk teori.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • gode kunnskapar om moderne teaterestetiske teoriar
  • grunnleggjande forståing for sambandet mellom teori og praksis innan teater
  • grunnleggjande kunnskapar om teatervitskapelig hermeneutikk.

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • gi ei skriftleg utgreiing om ei teaterteoretisk problemstilling
  • vurdere og drøfte likskapar og skilnader mellom ulike teaterestetiske teoriar
  • drøfte relevansen av ein estetisk teori i høve til ein bestemt teaterpraksis.

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • vurdere ei teaterframsyning eller ei teaterpraksis i lys av estetiske teoriar
  • drøfte teaterestiske spørsmål i samband med samfunnstilhøve.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd startgrunnlag er fullført 100-nivå i teatervitskap.
Studiepoengsreduksjon
Ikkje relevant.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av forelesningar og seminar med studentinnlegg.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må møte på minst 75% av undervisninga.
Vurderingsformer
7 dagars heimeeksamen. Oppgåva skal vere på om lag 4 000 ord.
Karakterskala
Karakterskala frå A - F.
Vurderingssemester
Vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum er på om lag 1 000 sider, og vert publisert 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for teatervitskap
Emneansvarleg
Programstyret for teatervitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium