Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Teoribasert bacheloroppgåve

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet er eit fordjupingsemne i form av eit sjølvstudium av eige vald tema innanfor teatervitskapen sinr fagområde. Studenten skal skrive ei rettleidd oppgåve med historisk, teoretisk eller analytisk problemstilling.

Formålet med emnet er å auke forståinga av teatervitskaplige teoriar og metodar, og å setje studenten i stand til å nytte desse teoriane og metodane gjennom eigne undersøkingar av eit sjølvvald tema.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten:

  • omfattande kunnskap om eit avgrensa teatervitskapeleg tema
  • gode kunnskapar om utvalde teatervitskapelege teoriar og metodar
  • forståing for tydinga av problemstilling, metode og disponering i samband med skriving av ei akademisk-vitskapelig oppgåve.

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • planlegge ei sjølvstendig teatervitskapeleg prosjektoppgåve under rettleiing
  • formulere ei problemstilling innanfor eit teatervitskapeleg fagområde
  • skrive ei sjølvstendig teatervitskapeleg prosjektoppgåve under rettleiing.

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • formulere seg skriftleg på ein akademisk og teaterfagleg tilfredsstillande måte
  • diskutere og analysere nye teatervitskapelege problemstillingar i skriftleg og munnleg form.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådd startgrunnlag er fullført 100-nivå i teatervitskap.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av eit introduksjons- og metodekurs samt individuell rettleiing knytt til arbeidet med den skriftlege oppgåva , jf. obligatoriske arbeidskrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal gjennomføre tre obligatoriske aktivitetar:

1) Delta på introduksjons- og metodekurs (felles med TEAT253)

2) Leggje fram utkast til oppgåva på oppgåveseminar (felles med TEAT 253)

3) Levere inn oppgåva til rettleiar og få minst ei individuell rettleiing.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere oppfylte for å kunne møte til eksamen.

Vurderingsformer

Skriftleg rettleidd oppgåve på om lag 15-20 sider (5-7000 ord).

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår/haust.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve

    Innleveringsfrist
    25.11.2019, 13:00
    Trekkfrist
    11.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen