Teoribasert bacheloroppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet er eit fordjupingsemne i form av eit sjølvstudium av eige vald tema innanfor teatervitskapen sinr fagområde. Studenten skal skrive ei rettleidd oppgåve med historisk, teoretisk eller analytisk problemstilling. Formålet med emnet er å auke forståinga av teatervitskaplige teoriar og metodar, og å setje studenten i stand til å nytte desse teoriane og metodane gjennom eigne undersøkingar av eit sjølvvald tema.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten:

  • omfattande kunnskap om eit avgrensa teatervitskapeleg tema
  • gode kunnskapar om utvalde teatervitskapelege teoriar og metodar
  • forståing for tydinga av problemstilling, metode og disponering i samband med skriving av ei akademisk-vitskapelig oppgåve.

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • planlegge ei sjølvstendig teatervitskapeleg prosjektoppgåve under rettleiing
  • formulere ei problemstilling innanfor eit teatervitskapeleg fagområde
  • skrive ei sjølvstendig teatervitskapeleg prosjektoppgåve under rettleiing.

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • formulere seg skriftleg på ein akademisk og teaterfagleg tilfredsstillande måte
  • diskutere og analysere nye teatervitskapelege problemstillingar i skriftleg og munnleg form.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd startgrunnlag er fullført 100-nivå i teatervitskap.
Studiepoengsreduksjon
Ingen.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av eit introduksjons- og metodekurs samt individuell rettleiing knytt til arbeidet med den skriftlege oppgåva , jf. obligatoriske arbeidskrav.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal gjennomføre tre obligatoriske aktivitetar:

1) Delta på introduksjons- og metodekurs (felles med TEAT253)

2) Leggje fram utkast til oppgåva på oppgåveseminar (felles med TEAT 253)

3) Levere inn oppgåva til rettleiar og få minst ei individuell rettleiing.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere oppfylte for å kunne møte til eksamen.

Obligatorisk aktivitet er berre gyldig i undervisisngssemesteret.

Vurderingsformer
Skriftleg rettleidd oppgåve på om lag 15-20 sider (5-7000 ord).
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår/haust.
Litteraturliste
Studenten utarbeider litteraturliste i samråd med emneansvarleg/rettleiar.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for teatervitskap
Emneansvarleg
Programstyret for teatervitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.