Hjem
Utdanning
Masteremne

Teaterhistorie, historiografi og vitskapsteori

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet skal gjennom historiske djupstudium, innføring i kjeldekritiske metodar og teaterhistoriografiske teoriar, gi studenten innsikt i og forståing av eldre og nyare teaterhistorie og historieskriving.

Innføring i vitskapsteori skal bidra til ei djupare filosofisk-estetisk forståinga av teater og gi metodiske og kritiske reiskapar for arbeidet med teaterhistoriske emne og systematiske område innanfor teatervitskapen.

Emnet er obligatorisk i masterstudiet i teatervitskap.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • avanserte kunnskapar om utvalde felt innanfor teaterhistoria
  • avanserte kunnskapar om teaterhistoriografiske teoriar og metodar
  • god forståing for dei underliggande vitskapsteoretiske problemstillingar i teatervitskapen


Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • samanlikne og vurdere ulike teaterhistoriografiske standpunkt
  • analysere ein teaterhistorisk tekst ut frå historiografiske perspektiv
  • utøve teaterhistorisk kjeldekritikk

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • drøfte ulike måtar å framstille teaterhistoriske emnar
  • bidra til teaterhistorieskrivinga

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av forelesingar og seminar med studentinnlegg.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må møte på minst 75% av undervisninga.

Vurderingsformer

Sju dagars heimeeksamen (om lag 5000 ord) med justerande munnleg prøve.

Karakterskala

karakterskala A - F.

Litteraturliste

Pensum består av om lag 1000 sider omfattande teaterhistoriske spesialstudium, historiografisk teori og vitskapsteori.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for MAHF-TEAT

Emneansvarleg

Fagmiljøet i teatervitskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.11.2019
    • Eksamensdel: Heimeeksamen

      Oppgave utleveres
      15.11.2019, 13:00
      Innleveringsfrist
      22.11.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen