Yrkesrelatert praksis

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I emnet skal studenten ha praksis anten ved teaterinstitusjon, i samband med teaterproduksjon i det frie teaterfeltet eller i teaterrelatert arkiv- og formidlingsverksemd. Praksis skal bestå av om lag seks normalarbeidsveker (om lag 200 timar) fordelt på ein eller fleire

praksisperiodar. Studenten skal i samråd med rettleiar velje praksis innanfor tre ulike felt: 1) Dramaturgi, kor studenten sjølv skal vere aktiv dramaturg eller følger ein dramaturg sitt arbeid i samband med teaterproduksjon eller repertoararbeid. 2) Produsentverksemd, der studenten skal følge ein produsent sitt arbeid i samband med ein bestemt produksjon eller ei teatergruppe si verksemd. 3) Arkiv og formidling, der studenten kan arbeide med ulike former for informasjonsarbeid knytt til eit institusjonsteater eller ei fri teatergruppe. Arkivpraksis kan til dømes bestå av generelt arkivarbeid, katalogoppsetting, digitalisering eller førebuing av utstilling.

Innhaldet i praksisperioden definerast i ei kontrakt signert av studenten, emneansvarleg og vertsinstitusjonen ved kontaktperson.

Etter gjennomført praksis skal studenten skrive ein rettleia praksisrapport på omlag 3500 ord. Praksisrapporten skal innehalde ein skildring av praksis og den praktisk-kunstnarlege samanhengen praksisen inngjekk i. Vidare skal rapporten innehalde refleksjonar kring korleis studentens fagleg-vitskapelege kompetanse var nyttig i praksisen. Rapporten skal òg innehalde ei samanfatting av kva studenten sjølv meiner å ha lært gjennom praksis.

Emneansvarleg inngår avtalar med sentrale praksisplassar og oppdaterer liste før kvar semesterstart. Studenten skal sjølv kontakte praksisplass og vere med på å forme eiget praksisopphald. Dersom studenten planlegg praksis ein stad det ikkje alt er inngått avtale, må emneansvarleg følge opp studentkontrakten ekstra godt og kvalitetssikre praksisplass.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten:

  • kunnskapar om ein konkret yrkessamanheng i høve til anten dramaturgi, produsentarbeid eller arkiv og formidling
  • forståing av verdien av eigen fagkompetanse i ein yrkessamanheng
  • kunnskapar om korleis ein teaterproduksjon eller liknande kunst- og kulturproduksjon blir gjennomført frå eit dramaturg-, produsent- eller formidlingsperspektiv

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • Nytte teatervitskapelege kunnskapar i ein praktisk teatersamanheng
  • Tileigne seg kunnskapar gjennom praktisk utøvande teater
  • Skrive ein praksisrapport i samsvar med mal for rapportskriving

Generell kompetanse

Etter fullført eksamen kan studenten:

  • Reflektere over verdien av teatervitskapelig kompetanse i ein yrkessamanheng
  • ta sjølvstendig standpunkt til problemstillingar innanfor praktisk utøvande teater
  • bidra til kritisk nytenking og fagleg utvikling innan utøvande teater.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Det er ønskjeleg at studenten har bestått TEAT301 og TEAT302.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.
Arbeids- og undervisningsformer
Det er ikkje regulær undervising i emnet. I tilfelle fleire studentar tar emnet same semester kan det verte satt opp felles seminar om skriving av praksisrapport. Ut over dette vert undervisninga gitt i form av individuell rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten har tre obligatoriske aktivitetar:

1 ) Utfylle og underskrive praksiskontrakt saman med praksisplassen ved kontaktperson og emneansvarleg

2) Gjennomføra praksis i samsvar med kontraktsvilkåra for praksis.

3) Levere utkast til praksisrapport til rettleiar og få minst éi individuell rettleiing.

Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret

Vurderingsformer
Godkjenning av praksisrapport.
Karakterskala
Bestått/ Ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår/Haust
Litteraturliste
Emnet har ingen spesifikke krav til litteratur. Men det forventast at alle kjelder som nyttas samanfattast i ei litteraturliste.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant
Programansvarleg
Programstyret for teatervitskap
Emneansvarleg
Fagmiljøet i teatervitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium