Hjem
Utdanning
Masteremne

Teatervitskap: Seminarinnlegg innafor eit sjølvvalt område

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

I emnet skal studenten førebu og presentera eit munnleg seminarinnlegg på 45 min for medstudentar og faglærarar i ein seminarsamanheng arrangert av fagmiljøet.

Emnet for seminarinnlegget kan vere av teaterhistorisk, analytisk, teoretisk eller teaterpolitisk karakter. Seminarinnlegget skal vere fokusert på ei metodisk eller tematisk problemstilling innanfor det valde temaområdet.

Som grunnlag for seminarinnlegget skal studenten i samråd med rettleiar utvikle eit manuskript på om lag 3500 ord.

Studentar som skal halde innlegg må melde frå om emne for seminarinnlegg til emneansvarleg innan 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret.

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført ført emnet har studenten

  • inngåande kunnskap om eit definert og avgrensa teatervitskapeleg emne eller ei metodisk problemstilling
  • formulert sjølvstendige synspunkt på eit teatervitskapeleg emne

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • gjennomføre eit vitskapelig prosjekt gjennom materialinnsamling og teoretisk-analytisk handsaming av ei teatervitskapeleg problemstilling
  • gi ei munnleg framstilling av eit teatervitskapeleg emne

Generell kompetanse

Etter fullført eksamen kan studenten

  • presentere eige vitskapleg arbeid i munnleg form
  • reflektere sjølvstendig og kritisk kring eit teatervitskapeleg emne

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Det er ønskjeleg at studenten har bestått TEAT301 og TEAT302.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

Det er ikkje regulær undervisning i emnet. I tilfelle fleire studentar tar emnet same semester kan det verte satt opp felles oppgåveseminar. Ut over dette vert undervisninga gitt i form av individuell rettleiing.

Studenten skal førebu eit seminarinnlegg på 45 min. Innhaldet i seminarinnlegget vert avtala med faglærar. Som grunnlag for seminarinnlegget skal studenten i samråd med rettleiar utvikle eit manuskript på om lag 3500 ord.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Å møte til to individuelle rettleiingar.

Vurderingsformer

 Vurderinga er todelt:

  1. Manuskript til prøveforelesing (om lag 3500 ord). Manuskriptet vert vurdert til bestått/ ikkje bestått av intern kommisjon i fagmiljøet før munnleg presentasjon.
  2. Munnleg presentasjon/prøveforelesing. Denne vert vurdert som prøveførelesing av intern kommisjon i fagmiljøet.

Både manuskript og munnleg presentasjon skal vere bestått for at samla vurdering i emnet skal setjast til bestått. Delane tel 50% kvar i vurderinga.

Karakterskala

Bestått/ Ikkje bestått

Litteraturliste

I samråd med faglærer skal studenten finne fram til relevant faglitteratur og kjeldemateriale for seminarinnlegget. Litteraturlista til seminarinnlegget skal vere på minimum 1000 sider.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for MAHF-TEAT

Emneansvarleg

Fagmiljøet i teatervitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Manuskript og prøveforelesing

    • Eksamensdel: Manuskript

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Prøveforelesing