Teatervitskap: Seminarinnlegg innafor eit sjølvvalt område

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I emnet skal studenten førebu og presentere eit munnleg seminarinnlegg for medstudentar og faglærarar i ein seminarsamanheng arrangert av fagmiljøet. Innlegget varar i 30 minutt, og blir etterfølgt av ein samtale på 15 minutt.

Emnet for seminarinnlegget kan vere av teaterhistorisk, analytisk, teoretisk eller teaterpolitisk karakter. Seminarinnlegget skal vere fokusert på ei metodisk eller tematisk problemstilling innanfor det valde temaområdet.

Som grunnlag for seminarinnlegget skal studenten i samråd med rettleiar utvikle ein synopsis på om lag 1000 ord og ei litteraturliste.

Synopsisen skal innehalde problemformulering, grunngjeving for anvend material, teori og metode, og dessutan disposisjon for den munnlege presentasjon.

Seminarinnlegget skal følgast av ein visuell presentasjon.

Studentar som skal halde innlegg, må melde frå om tema for seminarinnlegg til emneansvarleg innan 1. september i haustsemesteret og 1. februar i vårsemesteret.

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført emnet har studenten

  • inngåande kunnskap om eit definert og avgrensa teatervitskapeleg emne eller ei metodisk problemstilling
  • formulert sjølvstendige synspunkt på eit teatervitskapeleg emne

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • gjennomføre eit vitskapelig prosjekt gjennom materialinnsamling og teoretisk-analytisk handsaming av ei teatervitskapeleg problemstilling
  • gi ei munnleg framstilling av eit teatervitskapeleg emne

Generell kompetanse

Etter fullført eksamen kan studenten

  • presentere eige vitskapleg arbeid i munnleg form
  • reflektere sjølvstendig og kritisk kring eit teatervitskapeleg emne

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Haust og/eller vår

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Det er ønskjeleg at studenten har bestått TEAT301 og TEAT302.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.
Arbeids- og undervisningsformer

Det er ikkje regulær undervisning i emnet. I tilfelle fleire studentar tar emnet same semester, kan det bli sett opp felles oppgåveseminar. Ut over dette vert undervisninga gitt i form av individuell rettleiing.

Studenten skal førebu eit seminarinnlegg på 30 minutt. Innhaldet i seminarinnlegget blir avtalt med faglærar. Etter seminarinnlegget er det ein samtale på 15 minutt.

Som grunnlag for seminarinnlegget skal studenten i samråd med rettleiar utvikle ein synopsis på om lag 1000 ord.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Studenten må levere tema til fastsatt frist
  • Møte til to individuelle rettleiingar.
  • Synopsis til prøveforelesing (om lag 1 000 ord).
  • Obligatorisk aktivitet er gyldig i undervsiningssemesteret.

    Vurderingsformer
    Munnleg presentasjon / prøveforelesning
    Karakterskala
    Bestått/ Ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Haust og/eller vår. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny, tidleg eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
    Litteraturliste
    I samråd med faglærer skal studenten finne fram til relevant faglitteratur og kjeldemateriale for seminarinnlegget. Litteraturlista til seminarinnlegget skal vere på minimum 1000 sider.
    Emneevaluering
    Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programstyret for teatervitskap
    Emneansvarleg
    Fagmiljøet i teatervitskap
    Administrativt ansvarleg
    Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium