Hjem
Utdanning
Masteremne

Masteroppgåve i teatervitskap

  • Studiepoeng60
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeTEAT350
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Haust/Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid basert på godkjend prosjektskildring utvikla i TEAT302. Tema, problemstilling og metode for masteroppgåva skal vere omtalt i prosjektskildringa.

Masteroppgåva skal vere på 70 - 110 normalsider.

Føremålet for masteroppgåva er å gi studenten erfaring med sjølvstendig vitskapeleg arbeid og produsere ny kunnskap med fagleg relevans. Som eit skriftleg akademisk arbeid skal masteroppgåva byggje på eit sjølvstendig studium av eit avgrensa forskingsmateriale.

Rettleiaren skal følgje skriveprosessen og gi råd og tilbakemeldingar i samsvar med rettleiingskontrakten, men det er studenten som på sjølvstendig, kritisk og metodisk vis skal utvikle masteroppgåva til eit vitskapleg bidrag til faget.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført masteroppgåva har studenten

  • avanserte kunnskapar om og spesialisert innsikt i eit avgrensa felt eller emne innanfor teatervitskapen sine fagområdar
  • avanserte kunnskapar om utvalde teatervitskaplege teoriar og metodar

Ferdigheiter

Etter fullført masteroppgåva kan studenten

  • planlegge og gjennomføre eit større sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing
  • analysere og vurdere eit forskingsmateriale kjeldekritisk
  • nytte teatervitskaplege teoriar og metodar til å analysere teaterfaglege og
    teatervitskaplege problemstillingar

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • drøfte, argumentere og ta sjølvstendig standpunkt til problemstillingar innan teaterforsking
  • formulere akademiske tekstar på eit høgt nivå

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert gitt individuell rettleiing knytt til arbeidet med masteroppgåva. Studenten får tildelt ei rettleiar når prosjektskildringa (TEAT302) er godkjend, normalt ved slutten av fyrste semester. Student og rettleiar underskriv ein rettleiingskontrakt som klargjer rettar og plikter for begge partane.

Rettleiaren skal følgje skriveprosessen og gi råd og tilbakemeldingar i samhøve med rettleiingsavtalen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Rettleiing på masteroppgåva er obligatorisk og skal vere godkjend av rettleiar før oppgåva kan leverast til vurdering.

Vurderingsformer

Skriftleg masteroppgåve med justerande munnleg prøve. Den munnlege prøva kan justere karakteren på masteroppgåva med éin bokstavkarakter.

Karakterskala

A - F.

Litteraturliste

Litteraturlista skal omfatte minimum 2000 sider, og kan inkludera litteratur frå TEAT302.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for MAHF-TEAT

Emneansvarleg

Fagmiljøet i teatervitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    06.11.2019
    • Eksamensdel: Masteroppgåve

      Innleveringsfrist
      20.11.2019, 13:00
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen